Kort fortalt

Vil stanse sosial dumping til sjøs

Stortinget vil ha fortgang i arbeidet.

22.06.2017
NPK-NTB: Etter at 100.000 sjøfolk har mista jobbane, tar politikarane tak for å stanse sosial dumping på sjøen.
– Vi har jobba mykje for å få denne utgreiinga på plass. Eit positivt steg i rett retning, seier leiar i Sjømannsforbundet Johnny Hansen til .
Stortinget vedtok onsdag å greie ut norske lønns- og arbeidsvilkår for sjøfolk som arbeider i norske farvatn.
– Utviklinga har vore at norske sjøfolk blir utkonkurrerte av utanlandsk arbeidskraft. Skal Noreg framleis vere ein maritim nasjon med god kompetanse, må dei tiltaka som sikrar at vi framleis er det, setjast på plass, seier Hansen.
I stortingsdebatten onsdag uttrykte stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg (Ap) glede over at arbeidet endeleg ser ut til å komme i gang. Han karakteriserte det som ein marsjordre til regjeringa om å greie ut norske lønns- og arbeidsvilkår for sjøfolk som arbeider i norske farvatn.
Han beklaga samtidig at det hadde tatt så lang tid å få dette på plass og bad næringsminister Monica Mæland (H) forsikre at det vidare arbeidet skal gå raskt.
Mæland viste til det såkalla fartsområdeutvalet som for tre år sidan ikkje anbefalte endringar på dette feltet.
– Eg lovar at vi ikkje treng lang tid på desse utgreiingane. Det er gjort arbeid på 1970-, 80-, og 90-talet, vi veit allereie svaret på mykje av dette og det treng derfor ikkje ta lang tid, sa statsråden.

Publisert: 22.06.2017 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41