Kort fortalt

Vil stengje alle større byggjeplassar

Bergen vil gå hardare til verks mot smitte.

08.02.2021
(NPK-NTB): Bergen kommune ber nasjonale styresmakter om at større byggjeplassar skal omfattast av koronanedstenginga denne veka.
Kommunane har vendt seg til Helsedirektoratet og Statsforvaltaren og bede om at større byggjeplassar blir omfatta av verksemder som held stengt denne veka. Bakgrunnen er «ein berettiget uro», opplyser Beate Husa (KrF), byråd for eldre, helse og frivilligheit, på ei pressebrifing måndag ettermiddag.
Det er utbrot av både den britiske og sørafrikanske koronavarianten i Bergen samtidig. Smitten blir knytt i stor grad til byggjeplassane Fantoft stasjon og Kronstad stasjon. Den første har mange arbeidarar, medan Kronstad er ein mindre byggjeplass.
– Vi ber alle som har vore på dei to byggjeplassane, om å teste seg, seier Husa.
Kommunen fryktar at det er fare for at smitten har spreidd seg til andre byggjeplassar sidan nokre arbeidarar har jobba på tvers av ulike byggjeplassar og har flytta seg rundt.
– Generelt ber vi om at folk som jobbar på ulike byggjeplassar i Bergen, har låg terskel for å teste seg, seier Husa.
Dersom nasjonale styresmakter ikkje vil utvide den nasjonale forskrifta til å omfatte byggjeplassar, vil byrådet i Bergen vurdere om det skal innførast ei lokal forskrift for byggjeplassane.
(©NPK)

Publisert: 08.02.2021 15:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23