Kort fortalt

Vil stoppe brislingfiske i Nordfjord

Forskarane fann lite brisling under tokt.

NPK
17.09.2021

Havforskingsinstituttet tilrår eit fiske på maksimalt 240 tonn brisling i Hardangerfjorden, 360 tonn i Sognefjorden og nullfiske i Nordfjord i 2021.

Råda byggjer på data frå brislingtoktet med båten «Kristine Bonnevie» i august, saman med historiske data og fangstane i fiskeriet.

– I år såg vi mykje eittårig brisling i både Hardangerfjorden og Sognefjorden, men mykje av desse igjen var under minstemålet på 10 centimeter. Kvoteråda våre her er baserte på medianfangsten i perioden 2002-2016, fortel bestandsansvarleg havforskar Cecilie Kvamme på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

Råda her blir dermed like som i fjor.

I Nordfjord fann forskarane lite brisling på toktet. Dessutan var det to år gammal brisling som dominerte.

– Brislingen er ein kortlevd art som berre blir 3–4 år. Dette gjer at eit godt eller dårleg år med rekruttering kan føre til at bestanden svingar monaleg. Eittåringane skal helst vere meir talrike enn dei eldre fiskane. Med andre ord har det truleg vore dårleg rekruttering i Nordfjord i fjor, seier Kvamme.

At det i tillegg blei fiska 25 tonn meir enn fjorårets kvote på 80 tonn, gjer at forskarane ikkje tilrår brislingfiske i Nordfjord.

Seinare i haust skal forskarane måle brislingen i Trondheimsfjorden som del av kystressurstoktet. Råda for denne fjorden kjem i november.

Publisert: 17.09.2021 10:16

Sist oppdatert: 17.09.2021 10:17