Kort fortalt

Vil støtte traineeprogram på søre

Fylkeskommunedirektøren foreslår millionløyving.

Marius Rosbach
23.10.2023

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal rår politikarane i kompetanse og næringsutvalet i fylket til å støtte eit traineeprogram på søre Sunnmøre med inntil 2,5 millionar kroner.

Det kjem fram i sakspapira til møtet torsdag.

Ei løyving er avgrensa til halvparten av kostnadene ved prosjektet som skal skje i regi av Ulstein Næringsforum. Ulstein kommune, Næringsforeningane på Søre Sunnmøre (NÆSS), Vekst i Hareid og Sparebanken Møre er samarbeidspartar.

Eit traineeprogram er eit samarbeid mellom fleire bedrifter og gjerne offentleg sektor, der ein går samla ut i marknadsføring og rekruttering av trainee-ar, og gjerne arrangerer faglege og sosiale nettverk mellom trainee-ane i programmet.

Det er vist at slike regionale trainee-program lokkar til seg mange personar som elles ikkje hadde vurdert å søke jobb i akkurat den regionen, heiter det i utgreiinga.

Publisert: 23.10.2023 13:54

Sist oppdatert: 23.10.2023 13:55

Mer om