Søre-framstøyt for å rekruttere til jobbmesse
Få ledige plassar for bedrifter til årets «Bli Med Hjem»-arrangement.
Fleire enn 70 bedrifter og kommunar er per no påmeld til årets «Bli Med Hjem»-arrangement i Oslo 13. april.
Jobbmessa har vore ein suksess dei siste åra, og skal vise fram kva moglegheiter som finst på arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal.
Fullt hus i fjor
Det er næringsforeiningane i Ålesund, Molde og Kristiansund som står bak arrangementet som samlar næringsliv og det offentlege på The Hub denne dagen.
I fjor vart det fullt hus og kring 100 deltakarar med stands, og truleg kring 1000 personar innafor dørene.
No er det få plassar igjen for bedrifter til årets arrangement, melder arrangørane.
Les også
Jobbar for fleire frå søre Sunnmøre
På søre Sunnmøre har Ulstein Næringsforum og Maritim forening for Søre Sunnmøre (MAFOSS) gått saman om å promotere arrangementet for å få med fleire deltakarar.
– Nokre av kommunane på søre har signalisert at dei vil delta, og vi håper at mange bedrifter frå Søre Sunnmøre også ynskjer å vere med og ta plass, skriv prosjektleiar Jannike Tuvik Skarbø i MAFOSS.
Ho påpeiker at det er låg arbeidsløyse i regionen og mangel på arbeidskraft.
Publisert: 15.03.2023 05:00
Sist oppdatert: 14.03.2023 21:52