Daniel garden med andre innfelt nikolai astrup foto marius peter mydske stortinget 11
ARBEIDSFELLESSKAP: Daniel Garden (t.h.) i Ulstein Næringsforum utfordra statsråd Nikolai Astrup (innfelt) om eit prosjekt for å halde på kompetansen i kommunen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Utfordra statsråden til å starte pilotprosjekt

Ulstein Næringsforum med forslag til korleis småbyen Ulsteinvik kan blir betre til å halde på flinke folk i næringslivet.

Marius Rosbach
23.03.2021

Leiar Daniel Garden i Ulstein Næringsforum la eit konkret forslag på bordet til kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup måndag.

I ein møteserie fekk statsråden fleire innspel frå Møre og Romsdal til ein strategi for småbyar og større tettstader. Astrup påpeika at målet er at desse stadene skal vere «kraftsenter i sine regionar».

Saman med distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland skal Astrup også hauste innspel frå andre stader i landet framover.

Under måndagens møteserie deltok mellom anna representantar frå Ulstein og Rauma kommunar og næringslivet her.

Ulstein har fått ros for tettstadutviklinga dei siste åra, og nyleg har Skaparhuset i sentrum blitt utvida. Rauma gjekk nyleg til topps av dei mindre kommunane i landet om å vere det beste vertskapet for næringslivet.

Vil opprette jobbfellesskap
Under eitt av dei digitale møta fortalde Daniel Garden i Ulstein Næringsforum at dei ønska eit pilotprosjekt med eit fysisk lokale der folk frå ulike organisasjonar kunne jobbe.

Ulsteinvik er ein god stad å plassere eit slikt prosjekt, meinte han.

– Ulsteinvik er godt eigna fordi vi har ein dominerande kompetanse innan skipsdesign og skipskonstruksjon, som i stor grad er pressa av internasjonalisering, sa Garden til Astrup.

(saka held fram under)

Vi har stort behov for å tileigne oss ny kompetanse
Daniel Garden
Skaparhuset opning 22
SKAPARHUSET: Frå opninga av møtestaden i Ulsteinvik sentrum i fjor. I førre veke blei det kjent at Hoppid.no, ÅKP, Ulstein Næringsforum og Ikuben får kontorar i etasjen over. Foto: Marius Rosbach

Treng fleire flinke folk
Næringsforumsleiaren viste til at Nordvestlandet i dag har problem med å halde på kompetansen dei har bygd opp gjennom tiår som skipsbyggjarar.

– Vi har stort behov for å tileigne oss ny kompetanse, både til dei som allereie bur og jobbar her, men også for at vi kan trekke til oss folk frå andre stader, fortel Garden til NETT NO om forslaget.

Då offshoremarknaden kollapsa, snudde i stor grad dei store lokomotiva i den maritime industrien seg mot marknaden for mindre cruiseskip.

– Då opplevde vi at kunnskapen ikkje var den same i den lokale næringsklynga, og vi har vore nøydd til å søke kompetanse frå andre regionar, påpeikar Garden.

Som eitt tilleggsargument for å plassere eit pilotprosjekt i Ulstein, la han til at dei er mellom kommunane i landet med færrast statlege arbeidsplassar.

Når det er lågkonjunktur i den tunge industrien, slår det raskt inn i dei andre næringane lokalt
Daniel Garden

Den lokale næringsklynga også viktig
Næringsforumsleiaren trakk linjene til korleis dei store selskapa i den maritime klynga tidlegare tok med seg andre lokale bedrifter «ut i verda». Slik bidrog dei til at Nordvestlandet blei verdsleiande på bygging av spesialskip til offshore.

Garden la ikkje skjul på at ei kraftig maritim industriklynge ga fordelar, men sa det var ein skjør balanse mellom denne klynga – og den lokale klynga - underskogen av bedrifter.

– Dette er verksemder som også er viktige for den lokale økonomien, påpeika han.

Lågkonjunktur råkar breitt
Næringsforumsleiaren viste til at oppdrag for dei store maritime bedriftene, også gir jobb til alt frå reinhaldsbedrifter til it-selskap lokalt.

– Når det er lågkonjunktur i den tunge industrien, slår det raskt inn i dei andre næringane lokalt. Og det gir også utslag for det offentlege, sa Garden og meinte Staten måtte vere med å ta vare på den balansen.

Podium

E7/S1 Kjersti Kleven og Lene Trude Solheim om møteplassar for næringslivet i og etter korona.

Publisert: 23.03.2021 05:55

Sist oppdatert: 23.03.2021 07:36

Mer om