Camilla blom gunhild sjøvik montasje leiarkonferanse foto marius 11
PÅ LEIARKONFERANSE: Camilla Blom frå straumselskapet Wattn og Gunhild Sjøvik i Cinderella Eco Group som lagar forbrenningstoalett, var mellom deltakarane på leiarkonferanse i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Det er utruleg kjekt

Næringslivet på Sunnmøre møtes til heile seks konferansar på to dagar etter ein stille haust.

21.10.2021

Næringslivet på Sunnmøre møtes til heile seks konferansar på to dagar etter ein mager haust på arrangementsfronten.

Rethinking Business-konferansen i regi av Ulstein Næringsforum, samla onsdag 150 påmelde i Ulsteinvik. Det var god stemning mellom deltakarane på leiarkonferansen ved Sjøborg kulturhus.

– Det er utruleg kjekt, fortel Camilla Blom som leiar bedriftsmarknaden til straumselskapet Wattn, om korleis det er å dra på konferanse igjen.

Frå scena fekk deltakarane mellom anna høyre konsernsjef Kjersti Hobøl i Nille og Kurt Rice frå Norges Miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) fortelje om endringar både i eigen organisasjon og hos næringslivet generelt, som følgje av korona.

Fleire konferansar

Blom opplever at energi og ikkje minst berekraft, er noko som stadig nye bransjar er opptekne av. Då NETT NO snakkar med henne, har ho nettopp møtt ein person over lunsjbordet som ho vil halde kontakt med.

– Vi i Wattn treffer veldig mange kundar på slike arrangement, samtidig som vi treffer andre i regionen. Det ser vi på som veldig verdifullt, fortel ho i ei av pausane.

Onsdag møttest næringslivet også til Bra By-konferansen i Ålesund sentrum i regi Bypatrioten og samtidig arrangerte Atea teknologikonferanse på Moa. Torsdag er det klart for nye samlingar med Moakonferansen, industridesignkonferansen IDC/21 på Giske og reiselivskonferanse i Fosnavåg.

Frå Midsund til Ulsteinvik
Administrerande direktør Gunhild Sjøvik i Cinderella Eco Group var ein anna av deltakarane på leiarkonferansen i UIsteinvik.

– Den uformelle praten gjer at du kjem i kontakt med folk du ikkje ville kome i kontakt med på Teams. Det er litt meir tilfeldige møte, påpeiker Sjøvik til NETT NO.

Saman med leiargruppa i familiebedrifta frå Midsund, hadde ho teke turen til Ulsteinvik allereie i forvegen for å kombinere konferansen med ei arbeidsøkt vekke frå bedrifta.

(saka held fram under)

Leiarkonferanse rethinking business ulsteinvik foto marius 11
VAR MED DIGITALT: World Economic Forum-direktør Børge Brende deltok digitalt på konferansen som samla kring 150 påmelde i Ulsteinvik onsdag. Foto: Marius Rosbach

Må satse på basis for omstilling
World Economic Forum-direktør Børge Brende var med digitalt frå Genève - og det same var Schibsted-sjef Kristin Skogen Lund. Brende var også innom at ein ikkje skulle undervurdere verdien av fysiske møter, men at han meiner vi ser varige endringar i korleis vi kommunisererer.

Hovudbodskapen var at Norge burde satse meir på det som er basisen for omstilling - utdanning, kapital, infrastruktur, stabile rammevilkår og forsking.

– Vi må satse meir på det som er grunnlaget for framtidig innovasjon. Det er ikkje det mest juicy svaret, men det er så enkelt, sa Brende.

Det er også einaste vegen til å kunne ha eit velferdsnivå som i dag, meiner han.

– Det er tøffare konkurranse om kunnskapen. Om ein skal vere med i den teknologiske teten i verda, så legg vi grunnlaget til eksempel i skolen og utdanninga.

– Redd for at vi blir for avslappa
Brende understreka at Norge i stor grad er eit vellukka samfunn, men han såg faremoment.

– Eg er mest redd for at vi blir for avslappa og aukar utgiftene for mykje i ting som ikkje bidreg til den omstillinga vi er avhengige av, sa Brende.

Han meiner at Norge bør vere meir kritiske til kva vi investerer i. Ingen brukar til eksempel meir pengar per elev i Norge. Likevel er ikkje norske elevar flinkast i verda på viktige fag som matte, kjemi og fysikk.

– Vi har eit godt utgangspunkt, men vi må ikkje gløyme at den verkelege kapitalen er human kapital. 80 prosent sitt mellom øyra til folk, la han til.

Publisert: 21.10.2021 08:43

Sist oppdatert: 22.10.2021 10:16

Mer om