NPK-NTB: Talet på mobilbetalingar med Vipps var nesten fire gonger så mange på 17. mai i år som på same dag i fjor.
Først melde DNB endå høgare tal for Vipps, men det viser seg at det var 450.000 transaksjonar som vart gjennomførte på onsdag. Den førre 17. mai-rekorden på 124.000 betalingar på éin dag var frå 17. mai i fjor. Nasjonaldagen i år seglar også opp som dagen med flest transaksjonar nokon gong, der den førre rekorden var 350.000 transaksjonar.
– Totalt vart det vippsa over 87 millionar kroner i dag, opplyser pressesjef i DNB Even Westerveld til .
Ein årsak til auken er at kontantbruk i Noreg stadig går ned og at mange gløymer at dei treng kontantar til kjøp av is og brus og pølser på 17. mai.
– Talet på minibankar blir færre og nokre har innført gebyr på uttak, seier Elisabeth Haug, viseadministrerande direktør i Vipps til .
Over to millionar nordmenn har til no lasta ned betalingsappen, som er eigd av 106 norske banker. Den to år gamle tenesta går framleis i minus, så lenge 70 prosent av bruken er vennebetalingar – som er gratis. Dei andre 30 prosentane er betalingar til foreiningar, organisasjonar og lag. Bruken blir no utvida til butikkar og andre salsstadar.
– Det har gått veldig fort. Vi trur 2017 blir det året då mobilbetaling blir standard for betaling, seier Haug.

Publisert: 18.05.2017 08:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42