Kort fortalt

Ålesund-hyllest vart BBCs «OL-Låt»

OL-hyllest med musikk av Sigird Solbakk Raabe.

NPK
11.08.2021

Då BBC skulle summere opp dei olympiske leikane med ein hyllest til utøvarane, kunne ein høyre Ålesund-artisten Sigrid sin song «Home- to you» i bakgrunnen.

– Det er stort å høyre min eigen song i ein så viktig setting, seier artisten Sigrid Solbakk Raabe, til NRK Møre og Romsdal.

Songen hennar «Home to you» er mogleg å høyre under BBC sin hyllest av utøvarane i OL. Låten er skriven som ein hyllest til heimbyen Ålesund og til foreldra og søskena til Sigrid.

I videoen til BBC kan ein òg skimte sigersbilete av Karsten Warholm og Jakob Ingebrigtsen.

– Det er frykteleg stas, seier Sigrid. Ifølgje henne er det mildt sagt heilt greitt at BBC nyttar songen hennar som avslutningsspor for eit stort meisterskap.

Publisert: 11.08.2021 15:24

Sist oppdatert: 11.08.2021 15:25