Karen Helene Ulltveit-Moe IKKE GJENBRUK NTB
LAKSESKATT: Økonomiprofessor Karen Helene Ulltveit-Moe åtvarar mot ei utholing av den foreslåtte grunnrenteskatten for laksenæringa dersom ein går bort frå prinsippet om å basere den på ein såkalla normpris. Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Kort fortalt

Åtvarar mot lakseskatt-smotthol

Normprisen viktig, meiner professor.

17.11.2022

Dersom regjeringsforslaget til ny lakseskatt blir endra slik næringa vil, kan det oppstå eit stort smotthol, åtvarar økonomiprofessor Karen Helene Ulltveit-Moe.

Ei viktig innvending er at regjeringa legg opp til at ein såkalla normpris skal leggjast til grunn for den nye skatten. Den prisen er knytt til lakseprisen på Nasdaq-børsen og er ikkje nødvendigvis den same som selskapa betaler for fisken, skriv Klassekampen.

Ulltveit-Moe, som leidde Havskatteutvalet, seier normprisen er eit vesentleg element.

– Får ein ikkje det prinsippet på plass, så vil det hole ut heile skattegrunnlaget, seier ho.

Skattemotivert tilpassing
Til liks med Finansdepartementet meiner ho at dersom skatten blir basert på prisen oppdrettsselskapa faktisk sel for, kan det føre til «skattemotivert tilpassing».

Ulltveit-Moe meiner det er heilt sikkert at selskapa, som ofte driv med både oppdrett og tilverking av fisken, vil gjere dette gjennom internprising.

– Dette har parallellar til multinasjonale selskap som flyttar mest mogleg inntekt til land med låge skattar. Når dei veit at dei må betale opp mot 60 prosent skatt på aktiviteten i den eine delen av verksemda, og 22 prosent i ein annan del av verksemda, så vil dei prøve å flytte på inntektene, åtvarar professoren.

Bør ikkje tvile på skattemoralen
Næringspolitisk sjef Peder Weidemann Egseth i Sjømat Norge seier det ikkje er nokon grunn til å «indirekte tvile på skattemoralen til havbruksnæringa».

Han åtvarar mot ein normpris basert på «børsprisar som hoppar opp og ned» medan næringa tek omsyn til langsiktige fastpriskontraktar.

Publisert: 17.11.2022 12:38

Sist oppdatert: 17.11.2022 12:43

Mer om