Jonas gahr støre besøk spilka foto marius 11
VIL MØTE BRANSJEN: Statsminister Jonas Gahr Støre trur eit møte om lakseskatten på fredag vil vere oppklarande for næringa. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Varslar oppklaring om lakseskatten

Regjeringa vil oppklare fleire spørsmål frå bransjen.

16.11.2022

(NPK-NTB): Fredag vil regjeringa oppklare spørsmål rundt den foreslåtte lakseskatten, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Men han vil ikkje stadfeste endringar.

– Fredag er det eit møte mellom finans- og fiskeriminister, og dei største aktørane i næringa. Det trur eg kjem til å oppklare ein del ting, seier Støre.

Han vart onsdag spurt ut av Høgre-leiar Erna Solberg i Stortinget om regjeringsforslaget til grunnrenteskatt på havbruk.

Solberg uttrykte uro for oppdrettsselskap som ikkje tør inngå langsiktige avtalar fordi dei ikkje veit korleis skattesystemet blir og kva pris som blir lagt til grunn for skatten.

– Dette er på veg til å dra beina under mykje av marknadsarbeidet, sa ho.

Støre påpeika at forslaget førebels er ute på høyring, og at regjeringa er i dialog med næringa. Men han ville ikkje stadfeste om det kjem endringar i regjeringsforslaget på fredag.

– Dei største aktørane hadde eit overskot på 18 milliardar kroner i fjor og tok ut 7,2 milliardar kroner i utbytte. Det er rimeleg med meir skattlegging, sa han.

(©NPK)

Podium

E18/S3 Permitteringer og tapte kontrakter - kva skjer no?

Publisert: 16.11.2022 11:03

Sist oppdatert: 16.11.2022 11:06

Mer om