Ny jobb

Johannes Rauboti

Johannes Rauboti er tilsett som ny konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi (SFE). Han kjem frå tilsvarande stilling i kraftkonsernet Vardar.

Administrator
11.02.2021
Johannes Rauboti
Johannes Rauboti har lang erfaring frå både kraftnæring og annan industri. Sidan 1997 har han vore administrerande direktør for Vardar, som er ein større kraftprodusent frå Buskerud. Selskapet produserer vasskraft, vindkraft og bioenergi i Noreg, Sverige og dei baltiske landa. Tidlegare arbeidde han i Union, Norske Skog og Hallingdal Kraftlag. Dei seinare åra har han mellom anna vore sentral i oppbygginga av den største produsenten av fornybar energi i Baltikum, i tillegg til etablering og utvikling av vindkraftselskapet Zephyr. Rauboti har både teknisk, økonomisk og pedagogisk utdanning. Han er oppvaksen i Fjærland, og tek til i stillinga 1. september 2015.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02