Ny jobb

Margrethe Mykland

Ny dagleg leiar i Fjord Services.

28.04.2021
Margrethe Mykland Fjord Services AS portrett

Margrethe Mykland er tilsett som dagleg leiar i rekneskaps- og rådgjevingsselskapet i Fjord Services, ifølgje Fjordenes Tidene.

Mykland flytta til heimtraktene etter 11 år i Bergen, der ho har jobba i Ernst & Young med ansvar for ei portefølje med kundar og personalansvar for ei gruppe medarbeidarar. Ho har master i finans og er statsautorisert revisor. Den nye daglege leiaren sier til avisa at ho ser fram til å jobbe i eit selskap i vekst, og at ho trivst med å ha kundekontakt.

Mykland tek over stillinga etter Jannicke Nydal, som har vore dagleg leiar Fjord Services blei starta opp. Ho går no over i rolla som styreleiar og skal jobbe som teamleiar. Firmaet blei starta med utgangspunkt i det som var rekneskapsavdelinga til reiarlaget Fjord Shipping, ifølgje avisa.

Publisert: 28.04.2021 09:39

Sist oppdatert: 28.04.2021 10:30