Remøy trekkjer seg som administrerande direktør frå 1.mai i år, skriv selskapet i ei børsmelding.
Myrvoll kjem frå stillinga som finansdirektør i selskapet, ein jobb han har hatt sidan 2007.
I fjor fylde han 65 år. Då kom boka om han og selskapa hans, førd i pennen av Sunnmørsposten-journalist Svein Aam. Då opna Remøy for at det kunne kome eit leiarskifte allereie før han nådde full pensjonsalder. Kven som skulle ta over var imidlertid ikkje avgjort.
- Det får vi ta når den tida kjem, sa Remøy.
Sjølv såg han for seg at han mellom anna kan vere styreleiar.
- Vi får sjå. Vi er ikkje der enno. Så vidt eg veit er eg framleis oppegåande og ved god helse, sa han.
Kontantar kjem godt med framover, meinte Remøy.
- Dette gjer vi for at vi skal står godt rusta mot framtida, for vi trur ikkje dei tidene vi er inne i vil gå over med det første, og difor er kontantar noko av det viktigaste vi kan omgi oss med, sa Remøy til NETT NO.
Myrvoll kjem frå stillinga som finansdirektør i selskapet, ein jobb han har hatt sidan 2007.
Varsla avgang
Åge Remøy er både grunnleggjar og storeigar i børsnoterte Rem Offshore.I fjor fylde han 65 år. Då kom boka om han og selskapa hans, førd i pennen av Sunnmørsposten-journalist Svein Aam. Då opna Remøy for at det kunne kome eit leiarskifte allereie før han nådde full pensjonsalder. Kven som skulle ta over var imidlertid ikkje avgjort.
- Det får vi ta når den tida kjem, sa Remøy.
Sjølv såg han for seg at han mellom anna kan vere styreleiar.
- Vi får sjå. Vi er ikkje der enno. Så vidt eg veit er eg framleis oppegåande og ved god helse, sa han.
200 millionar
Nedturen i oljebransjen gjorde at Rem Offshore selde unna konstruksjonskipet "Rem Forza" like før jul. Det salet gav ein bokført gevinst og kontanteffekt på 200 millionar kroner.Kontantar kjem godt med framover, meinte Remøy.
- Dette gjer vi for at vi skal står godt rusta mot framtida, for vi trur ikkje dei tidene vi er inne i vil gå over med det første, og difor er kontantar noko av det viktigaste vi kan omgi oss med, sa Remøy til NETT NO.
Publisert: 18.05.2016 15:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52