A Age Remoey tilbod til Rem aksjonaerane
TILBOD: Rem-aksjonærane får tilbod om å kjøpe nesten 1,3 millionar aksjar i Solstad Offshore frå Åge Remøy.
Nytt

Åge Remøy-tilbod til Rem-aksjonærane

Åge Remøy vil selje Solstad-aksjar til Rem-aksjonærar for å stilne kritikk om forskjellsbehandling.

22.11.2016
Rem Offshore fekk i førre veke bot for å ha forskjellsbehandling av aksjonærane i samband med refinansiering av selskapet og samanslåinga med Solstad Offshore.
Børsen meinte storaksjonæren Åge Remøy fekk fordelar på bekostning av dei mindre aksjonærane.

No svarar Åge Remøy med eit tilbod til minioritetsaksjonærane.

Usamd i kritikken

Remøy skriv i børsmeldinga at han, gjennom selskapet Forsa as, tilbyr inntil 1.281.600 A-aksjar i Solstad Offshore som han vil motta i samband med fusjonen. Det utgjer 21,36 prosent av A-aksjane han skal motta når fusjonen er gjennomført, og tilsvarar like stor andel som minoritetseigarane i utgangspunktet sat med i Rem Offshore.
Tilbodet kjem trass i at Remøy ikkje er samd i kritikken om forskjellsbehandling:
"Vi er ikke enig i den kritikken som er reist rundt likebehandlingen av aksjonærene. Samtidig ønsker vi ikke at det skal være noe som helst grunnlag for å hevde at det foreligger en urimelig forskjellsbehandling som ikke var begrunnet i selskapets kritiske situasjon", skriv Remøy i børsmeldinga.

Same pris

Alle aksjonærane får tilbod om å kjøpe Solstad-aksjar i samsvar med eigarandelen dei har i Rem Offshore.
Prisen er 12,50 kroner pr. aksje, som skal tilsvare konverteringskursen mellom Rem- og Solstadaksjar i samband med samanslåinga.

Publisert: 22.11.2016 09:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04