Stoe Technology ser etter investorar
FISKERIROBOT: Fangsthandteringssystemet til Stø Technology blei kalla Trawl 2.0, og sentralt var undervassfarkosten «Humla» som samla opp fisken i trålposen. Illustrasjon: Stø Technology
Nytt

Økonomisk havari for trålsatsing

Satsa millionar på å lage nytt fangstsystem for trålarane. No legg dei inn årene.

Marius Rosbach
25.08.2021

selskapet Stø Technology har meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett, som opna konkurs i selskapet tysdag.

Ifølgje avgjerda frå tingretten er gjelda på fire millionar kroner og verdiane i selskapet er på mellom ein halv og 1,5 million kroner.

Satsa på nytt fangssystem
Oppstartsselskapet frå Hareid med lokale gründerar, satsa stort på å utvikle eit nytt fangstsystem for trålnæringa.

NETT NO omtala i fjor forsøket på å hente inn 20 millionar i ein emisjon, der også dei opprinnelege gründerane Pål Arne Roaldsnes, Jan Børge Vik og Arne O. Flø deltok. Då hadde selskapet skifta adresse til Ålesund.

Då fekk selskapet også inn tidlegare Kongsberg Evotec-topp Ole Gunnar Hvamb som arbeidande styreleiar.

Vanskeleg å få nok kapital
Ole Gunnar Hvamb avslår å kommentere konkursen til NETT NO, og viser til ei pressemelding der gründerane forklarar årsaka til at dei legg inn årene.

– Til trass betydelege teknologiske framskritt, og ein konstruktiv dialog med trålnæringa undervegs, har det vist seg vanskeleg å mobilisere tilstrekkeleg kapital til å fullføre det lange utviklingsprosjektet fram til pilotstadiet, heiter det i meldinga.

Året etter at selskapet blei etablert i 2017, var dei ein av tre nominerte til stiftinga Nor-Fishing sin innovasjonspris. Dei har også vore i finalen i gründerkonkurransen Næringsteft.

Kom ikkje i mål med kreditorane
Den siste månaden har selskapet forsøkt å få ei akkordløysing med kreditorane, for å sikre ny kapital og vidare drift.

– Selskapet har ikkje lukkast med dette, og styret har difor beslutta å melde oppbod. skriv selskapet og takkar investorar og andre som har vore med å løfte fram prosjektet.

Ideen til Stø Technology var å bruke ein rundt ti meter lang autonom fiskerirobot i fangsten, slik at fisken kunne hentas opp utan å avbryte trålinga.

Publisert: 25.08.2021 12:19

Sist oppdatert: 25.08.2021 15:26

Mer om