Sunnmøre tingrett foto ogne 11
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Dyrebutikk fekk eit kort liv

Melde oppbod med milliongjeld.

Marius Rosbach
09.08.2021

Smudzoo som har hatt netthandel og dyrebutikk i Ørsta, har meldt oppbod. Møre og Romsdal tingrett opna før helga konkurs i selskapet som, blei starta opp i 2015.

Den samla gjelda er på kring 1,2 millionar, ifølgje avgjerda frå tingretten. Verksemda er framleis i gong, men selskapet skal ikkje vere i stand til å handtere gjelda.

Samtidig er det eit varelager og bankinnskot til ein anslått verdi på kring 960.000 kroner.

Ifølgje heimesida til Smudzoo, har dei selt varierte produkt til kjæledyr og hobbybonden, med lager og kontor i Volda. Det siste offentlege rekneskapen er frå 2018, og viser ei omsetning på 1,1 millionar og eit resultat i balanse.

Bustyrar i saka er Linda Brevik og første skiftesamling er 13. september, ifølgje ei melding frå Brønnøysundregistera.

Publisert: 09.08.2021 13:41

Sist oppdatert: 16.08.2021 07:15

Mer om