Sunnmøre tingrett foto ogne 11
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Oppbod for industribedrift

Sju tilsette utan arbeid etter at underleverandør til Kongsberg Maritime er konkurs med milliongjeld.

Marius Rosbach
28.07.2021

Møre og Romsdal tingrett opna tysdag konkursbehandling i Ameco i Hovdebygda.

Lengre tid med låge marginar på jobbane skal vere årsaka til at Ørsta-selskapet så seg nøydd til å melde oppbod, opplyser bustyrar Thore Heggen til NETT NO.

Første skiftesamling er 6. september.

Har hatt Kongsberg som hovudkunde
Ameco har spesialisert seg på å skjære metall. Hovudkunden har vore Kongsberg Maritime, ifølgje heimesida deira.

Selskapet som no melde oppbod, blei stifta i 1994 og gjekk tidlegare under namnet Aam Industriprodukter.

Bustyrar Heggen fortel at det har vore sju tilsette i bedrifta i det siste, men no er verksemda innstilt.

Gjeld på drygt 2,5 millionar
Ifølgje avgjerda frå tingretten er det opplyst at gjelda er på drygt 2,5 millionar kroner. Dei viktigaste verdiane skal vere fordringar på kring 215.000 kroner.

Bustyrar Heggen fortel at det ut frå opplysningane han har i dag, verkar som at banken er største kreditor og at dei har pant i fordringane.

– Det er også noko leverandørgjeld og nokre krav frå det offentlege, men selskapet skal stort sett vere ajour med skatter og avgifter, fortel han.

Svekka etter underskot i fjor
I årsrapporten for 2020 påpeiker styret at likviditeten er pressa, etter eit underskot på 1,2 millionar. Første del av 2021 viste framleis underskot og eigenkapitalen er difor vesentleg svekka, blei det opplyst.

Likevel håpte leiinga på det tidspunktet at ein betre marknad, saman med ein lengre avtale med en større aktør – og fritak frå husleige, ville sikre vidare drift.

Auka marknadsføring og direkte kundekontakt var blant andre tiltak, som blei forsøkt før selskapet melde oppbod.

Publisert: 28.07.2021 13:25

Sist oppdatert: 28.07.2021 16:26

Mer om