Trappar opp satsinga paa undervass fiskerirobot
FISKERIROBOT: Hovedaktørane i Stø Technology samla rundt prototypen av fiskeriroboten. Den autonome farkosten skal gå over trålen og knyte seg på trålposen frå bakkant, og hente opp sekkar med fisk kontinuerleg. Frå venstre Ole Gunnar Hvamb, Pål Roaldsnes, Jan Børge Vik, Kato Gangstad og Arne O. Flø.
Nytt

Trappar opp satsinga på undervass-fiskerirobot

Stø Technology hentar inn 20 millionar kroner, og tilset tidlegare Kongsberg Evotec-topp som arbeidande styreleiar.

03.05.2019

- Dette er eit utruleg spennande konsept. Eg kunne nesten ikkje seie nei til å vere med på dette når eg vart spurd.

Det seier Ole Gunnar Hvamb, som går inn i rolla som arbeidande styreleiar i Stø Technology.

- Eg kan litt om industrialisering av produkt, og har i tillegg mange gode kontakter innanfor maritim næring. Dette gler eg meg verkeleg til, seier Hvamb, som bur på Kongsberg.

35 års erfaring
Han har over 35 års erfaring innan strategi, forretningsutvikling, produktutvikling og industribygging i Kongsberg Maritime, derav 16 år som divisjonsdirektør.

Blant anna var han involvert i utviklingsprosessar av Kongsberg sine løysingar innanfor DP (dynamisk posisjonering), automasjon, samt eBirds og dekkshandtering for seismikkindustrien.

- Eg har no tatt tidlegpensjon, og har ledig kapasitet til å vere med på eit nytt spennande prosjekt med basis på Sunnmøre.

- Eg kjenner også godt til dei dyktige folka bak prosjektet, seier Hvamb.

Nytt fangstsystem
Stø Technology utviklar eit heilt nytt fangstsystem for trålnæringa.

Ein rundt ti meter lang autonom robot skal hente opp fisken utan at ein treng å avbryte trålinga.

Klikk her og gå til Trawl 2.0 for å sjå Stø Technology sin dataanimasjon av systemet

- Med Trawl 2,0-prosjektet har Stø Techology lagt ein ambisiøs plan for korleis ein skal gjere trålnæringa meir effektiv, berekraftig og lønsam.

Blir medeigar
Hvamb deltar også i emisjonen, der ein hittil har fått inn knappe seks millionar kroner. Målet er 20 millionar kroner, der Innovasjon Norge etter planen skal bidra med halvparten av summen i støtte.

Dei opprinnelege gründerane Pål Arne Roaldsnes, Jan Børge Vik og Arne O. Flø skal også delta i emisjonen.

Dagleg leiar Arne Olav Flø opplyser at Stø i dei komande dagane og vekene vil jobbe inn mot eit knippe aktørar som i kraft av sin næringsaktivitet vert sett på som mulige spennande samarbeidspartnarar og investorar.

Les også: Slik vil dei hente opp fisken utan å avbryte fangsten

Fullskala pilotprosjekt i 2020
Selskapet skal no inn i ei intensiv uttestingsperiode før produktet skal industrialiserast og kommersialiserast.

Flø opplyser at i løpet av 16-18 månader vil basisteknologien i undervannsfarkosten «Humla» utviklast på ei avansert plattform i 1:4-skala, i forkant av eit etterfølgjande pilotprosjekt i fullskala mot slutten av 2020.

I mars i år tilsette selskapet Kato Gangstad som ansvarleg systemutvikler på automasjon. Han arbeider no med utvkling av autopiloten til «Humla».


Eg kan litt om industrialisering av produkt, og har i tillegg mange gode kontakter innanfor maritim næring. Dette gler eg meg verkeleg til

Publisert: 03.05.2019 10:24

Sist oppdatert: 25.08.2021 12:20