Møre og Romsdal tingrett tinghus innfelt bernt brandal foto Møre og Romsdal tingrett
KONKURSSAKA LAGT VEKK: Møre og Romsdal tingrett har nyleg innstilt konkurssaka etter firmaet til Hareid-ordførar Bernt Brandal (innfelt) Foto: Møre og Romsdal tingrett
Nytt

Reiserestriksjonar blei spikaren i kista

Ingen dekning til kreditorane frå det konkursråka byggefirmaet til Hareid-ordføraren.

Marius Rosbach
30.07.2021

Reiserestriksjonar som følgje av koronapandemien, sette bom for verksemda i Hareid-firmaet Brandal Bygg.

Det har hovudeigar, Hareid-ordførar Bernt Brandal, forklart til bustyraren som har teke seg av saka etter at selskapet melde oppbod i vinter.

Brandal Bygg er eigd av Myrvoll Eigedom, der Brandal har drygt 93 prosent eigarskap og han har tidlegare vore dagleg leiar.

Tidlegare i juli innstilte Møre og Romsdal tingrett bubehandlinga fordi det ikkje var midlar til å halde fram arbeidet.

Tap på meir enn 2,2 millionar
Bernt Brandal fortalde til NETT NO i vinter at han hadde vore ute av drifta i kring halvanna år, men at han truleg var den som ville tape mest på konkursen.

Det var meldt inn ti krav på drygt 2,2 millionar kroner, men det vart ikkje dekning til nokre av kreditorane. Skatteetaten, morselskapet Myrvoll Eiendom og NAV Lønnsgaranti, var dei største kreditorane, ifølgje sluttrapporten til bustyrar Camilla Solbakken.

Buet sine forsøk på å drive inn seks uteståande fordringar frå kundar av selskapet, førte ikkje fram.

Fekk ikkje arbeidarar til Norge
Byggefirmaet hadde ein pressa økonomi, men hadde nye oppdrag på handa via Hadar Bygg, ifølgje forklaringa til Brandal som blir attgjeve i bustyrarens rapport.

Brandal har opplyst at dei ikkje fekk arbeidarane sine til Norge som følgje av koronapandemien. Selskapet fekk tilsett nye folk, men opplevde hamna i ein dårleg spiral med stadige konfliktar kring arbeidet som var utført og manglande betaling.

Samtidig skal fleire av kundane ikkje ha ønska utanlandske arbeidarar av frykt for koronasmitte. Det gjorde at oppdragsmengda minka utover i 2020, ifølgje forklaringa.

Negativ eigenkapital frå 2016
Bustyrar konkluderer med at innteninga i selskapet over lengre tid har vore for svak. Solbakken påpeikar at eigenkapitalen var negativ allereie i 2016, og at situasjonen har forverra seg år for år.

Revisor har likevel kome til at det var forsvarleg med vidare drift, fordi verksemda i hovudsak blei finansiert av morselskapet Myrvoll Eiendom.

Firmaet har vore oppe i ei årsomsetning på drygt 4 millionar, men har gått med underskot sidan oppstarten i 2012.

I rapporten frå bustyrar blir det konkludert med at det ikkje er mistanke om straffbare forhold i samband med drifta, og bustyrar innstilte ikkje på konkurskarantene i saka.

Publisert: 30.07.2021 05:55

Sist oppdatert: 30.07.2021 07:59

Mer om