IMG 8658
Nytt

- Livet stoppar ikkje opp sjølv om ein blir vaksen

No stiller helsefagarbeidaren til val, og vil gjere det attraktivt for jamaldrande å kome heim att.

Linn Antonie Vårdal Solheim
05.08.2023

For Lovise Voldsund (24) var det heilt naturleg å etablere seg på Sunnmøre. Ho har vore politisk aktiv sidan ho var 17 år, og stiller no til val til fylkestinget for Framstegspartiet.

Den 24 år gamle helsefagarbeidaren frå Fosnavåg er vara i kommunestyret i Herøy kommune, og fast representant i helseutvalet. I tillegg er Lovise styremedlem i FrP i fylket.

Vegen inn i politikken var litt tilfeldig for Voldsund, men ho fann fort ut at det var der ho høyrde heime.

- Sambuaren min er politisk aktiv, og han pusha meg kanskje litt til å engasjere meg i det eg var oppteken av, seier ho.

- Eg blei med i FpU, og likte meg godt der. Det gav meirsmak, og etter kvart blei det heilt naturleg å stille til val, fortel 24-åringen.

Den unge politikaren er godt klar over at det er store utfordringar vi som samfunn må takle framover, og er klar på at både eldrebølge og næringsliv må vere på agendaen i åra som kjem.

Ønsker nytenking i helse- og omsorgssektoren
Helsefagarbeidaren fortel engasjert om utfordringane sektoren står i kvar dag, og seier kontant at kva kommune ein bur i ikkje burde vere avgjerande for om ein får eit verdig tilbod i eldreomsorgen eller ikkje.

Lovise seier at det er ikkje nødvendigvis fleire folk vi treng, men betre organisering. Vi har ikkje uendeleg med arbeidskraft tilgjengeleg, og det er viktig å halde det offentlege forbruket på eit handterbart nivå.

- Vi må tenke smartare, seier ho.

Ho fortel at på ein sjukeheim er kvardagen prega av at ein jobbar mot klokka, og at ein ikkje får tid til å yte omsorg i den grad ein gjerne ønsker.

- Det å bruke meir tid på personar er viktig. Omsorgsdelen er like viktig som helse-biten, seier Voldsund.

Dette er Lovise Nikoline Voldsund:

  • 24 år, frå Fosnavåg i Herøy kommune
  • 8. kandidat for FrP i Møre og Romsdal
  • Utdanna som helsefagarbeidar

Førebygging sirkar livskvalitet
Helsefagarbeidaren ønsker at ein skal få heimebesøk der ein kartlegg behova til det einskilde mennesket frå ein fyller 75, for å finne ut om dei kan ha behov for assistanse frå dei offentlege helsetenestene.

Det kan vere snakk om alt frå småting som eit handtak i dusjen for å førebygge fall til tilbod om å bli med på sosiale aktivitetar, og treng ikkje nødvendigvis bety at ein går rett på full bistand med ein gong, fortel Voldsund.

- Med førebygging kan ein spare samfunnet store kostnadar, sikre livskvalitet og forhindre at det oppstår eit stort hjelpebehov blant mange av dei eldre, seier ho.

- Ein skaper ein relasjon til systemet, og opprettar kontakt mellom brukar og helseteneste før det blir akutt behov, held politikaren fram.

Lovise seier vidare at det kan bidra til å senke terskelen for å be om hjelp, og til å lette ein del av stigmaet som mange eldre kjenner på. Når det er noko alle får tilbod om, så er det kanskje ikkje like avskrekkande.

- Dersom fleire kan bu heime på ein trygg måte er det det beste for alle, seier ho.

Må sikre arbeidslivet fleire næringar
Fråflytting er ei av dei viktigste utfordringane vi må jobbe med framover, fortel Lovise.

- Det er ganske samansett det med fråflytting. Jentene forsvinn i større grad, medan gutane kjem oftare heim att, seier ho.

Voldsund syns det er viktig at dei som er nærast på problemstillinga får høve til å kome med innspel, og at desse blir teke på alvor.

- Det er mange som ikkje flyttar heim att etter at dei har flytta vekk for å studere, trass i at dei er ferdigutdanna og næringslivet lokalt tidvis skrik etter folk. Her må dei unge som kjenner kor skoen trykker få sleppe til med tiltak og idear, seier ho.

- Vi må arbeide målretta for å sikre “heilheita” på arbeidsplassar. Nokre næringar står veldig sterkt, medan det i andre sektorar nesten ikkje fins jobbar, seier ho.

Spele på lag med dei som skaper
- Det er viktig at vi som politikarar finn løysingar ilag med næringslivet, og at vi legg til rette for at dei som vil bygge lukkast, seier Voldsund.

Ho fortel at det eine støtter opp under det andre, og at ringverknadene i form av arbeidsplassar og skatteinntekter kjem alle til gode.

- Skaping er viktig. Så lenge nokon vil skape og har midlar og evner til å gjennomføre det så skal ikkje vi som politikarar stoppe dei, meiner ho.

Gubbevelde i politikken
Framstegspartiet har i år satsa tungt på ungdomskandidatar til fylkestinget. Heile tre av dei ti øverste kandidatane er under 30 år.

Lovise har allereie mange års politisk erfaring, og fortel at det er store skilnader mellom kor godt ein blir teken imot som ung politikar. Mange er støttande, bidreg med kunnskap og er konstruktive i møte med engasjert ungdom - men det er dessverre ikkje slik for alle.

- Ein del ser på deg litt som "ung og uerfaren som skal kome her og meine noko”, fortel Lovise.

Ønsker fleire jenter
- Vi er veldig få damer på min eigen alder, det merkar ein godt, fortel ho.

Lovise ønsker seg fleire jenter i politikken, og fortel at dette er noko dei har hatt eit aktivt fokus på.

- I Oslo er det mange jenter som er aktive i FpU, men her heime er vi ikkje fullt så mange, seier ho.

Voldsund fortel at ho fleire gonger har erfart at det er meir utfordrande å få unge jenter å ta eit klart standpunkt i politiske saker enn gutar.

- Det er både om dei er einige med oss eller ikkje. Det er lettare med gutar. I einskildsaker meiner jenter ofte mykje, men vi ser utfordringar når det kjem til å engasjere seg på eit større plan og stå for breiare standpunkt fortel ho.

Sylvi Listhaug eit førebilete
Når Lovise blir spurt om ho har nokon no ser opp til, smiler ho lurt.
- Det er kanskje litt klisje, men eg syns det står veldig stor respekt av det Sylvi får til, fortel ho.

- Å kombinere småbarn og valkamp på det viset ho gjer er imponerande, og ho lar seg ikkje pille på nasa og står fjellstøtt, seier Lovise.

Valkampen er no i gong for fullt, og Voldsund bruker stort sett all fritid på partiet.

- Det blir spennande å sjå utviklinga framover og korleis valkampen går. Om meiningsmålingane stemmer så lover det godt, og då kan vi faktisk få gjennom politikken vår, seier ho.

- Livet stoppar ikkje opp sjølv om ein blir vaksen
Lovise gjekk på VGS i Ålesund, og då ho var ferdig med det var det heilt sjølvsagt å vende nasen heimatt igjen.

- Eg har aldri sett føre meg å bu ein annan plass, og det fall heilt naturleg å flytte heim til Vågen etter at eg var ferdig på skulen, fortel ho.

Det var ikkje gitt at ho skulle ende opp med helseutdanning. Lovise prøvde seg først på elektrofag, men måtte avbryte grunna sjukdom. Då ho søkte seg inn att valde ho helselinja, og er nøgd med valet i dag.

Ho har ein sikker jobb og trivst med arbeidet. Lovise fortel at ei av hovudårsakene til at ho trivst er at ho føler ho kan gjere ein positiv skilnad. I dag jobbar ho med menneske med psykisk funksjonsnedsetjing, og med avlasting for barn.

Om 10 år ser den unge politikaren føre seg at ho framleis bur i Fosnavåg, at ho lev eit A4 liv med ungar, hus og jobb.

- Livet stoppar ikkje opp sjølv om ein blir vaksen, seier Lovise.

Publisert: 05.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 05.08.2023 02:08

Mer om