Arve Fresvik momentum Foto Marius Rosbach 11
INVESTORMATCH: Partnar Arve Fresvik i Momentum påpeiker at selskapa dei vil investere i, er nøyd til å ha eit bevisst forhold til berekraft og at verksemda bidrag til å kutte utslepp. Onsdag presenterte han seg under Investormatch på NMK. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Utgangspunktet her er fantastisk bra

Venteliste til årets Investormatch. Investeringsselskap frå Bergen mellom dei som ser etter nye moglegheiter.

Marius Rosbach
29.03.2023

Onsdag var det klart for den fjerde utgåva av Investormatch ved Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund.

Møteplassen mellom investormiljøet, gründere og oppstartsbedrifter er et samarbeidsprosjekt med ÅKP, Nordea, Converto, Alliance Venture og BDO som partnarar i år.

I år har arrangørane opplevd rekordstor interesse og måtte ta i bruk venteliste for å få ein plass rundt borda i øvste etasje på NMK.

Håvard Risnes Målfrid Linde foto Ogne
VERTSKAP: Banksjef Målfrid Linde for bedriftsmarkedet i Nordea og fagleg ansvarleg for Investormatch, Håvar Risnes, i ÅKP, er mellom vertskapet under Investormatch 2023. Foto: Ogne Øyehaug

Ser etter berekraftige selskap
Temaet for årets Investormatch er korleis globale trendar påverker kapitalmarknaden.

Partner Arve Fresvik i investeringsselskapet Momentum var mellom dei som hadde teke turen til Ålesund for å snakke om kva type selskap dei såg etter.

– Med bakgrunn i dei klimautfordringane vi ser, så ser vi etter berekraftige selskap. Då er det veldig kjekt å vere i Ålesund som er sterke på alt som har med hav å gjere, og teknologi inn mot det, fortel han til NETT NO.

Investeringsselskapet har ei portefølgje på 10-12 selskap som i hovudsak held til i Norge. Dei blir støtta av hjørnesteinsinvestorar som Farvatn, Investinor og Ferd.

Nordvestlandet er på kartet
Momentum-partnaren fortel at Nordvestlandet absolutt er på kartet til det Bergens-baserte investeringsselskapet, og «definitivt en spennende region».

– Utgangspunktet her er fantastisk bra. Eg har inntrykk av at man er enormt flinke her i Ålesund til å hegne litt om dei moglegheitene som finst, og at det er ein del investorar her som gjer at det ikkje er like nødvendig å gå utanfor regionen. Det vil vi sjølvsagt gjere noko med, legg Fresvik til.

Sjekk årets program (ekstern lenke)

Han meiner at tilgangen på kapital er blitt langt betre på få år, samtidig som investormiljøet har vekse med fleire aktørar.

– Ålesund er representert når vi ser kvar vi får spennande prosjekt frå, sjølv om det ikkje er like mange herifrå som frå det sentrale Austlandet, legg Fresvik til.

Ålesund er representert når vi ser kvar vi får spennande prosjekt frå
Arve Fresvik

Ny runde til hausten
Inntil i år har Investormatch vore eit årleg arrangement, men i år blir det to arrangement – både vår og haust.

Fagleg ansvarleg for Investormatch, Håvar Risnes i ÅKP, kunne fortelje at datoen for haustens arrangement blir 25. oktober.

Investormatch er etterfølgjaren til «Founders lunch» eit hyppigare investor/gründer-arrangement i ÅKP-regi, i mindre skala.

Publisert: 29.03.2023 11:09

Sist oppdatert: 30.03.2023 02:28

Mer om