Birgit Oline Kjerstad er SV sin einaste representant for Møre og Romsdal på Stortinget.
Partiet har vore ein støttespelar for Støre-regjeringa sin skattepolitikk, som har skapt mykje frustrasjon hos bedriftseigarar.
Nyleg fortalde Nett No om konsekvensane for gründerane i teknologiselskapet Tana. Dei opplever å bli sett i ei skattefelle etter å ha lukkast på investormarknaden i USA.

Skatteverdien blir rekna ut frå deira norske holdingselskap, og som følgje av kapitalutvidinga har auka i verdi. Det gir igjen ei kraftig auke i den skattepliktige formuen til eigarane.
Det utløyser formuesskatt som gründerane må betale, sjølv om selskapet framleis ikkje har gitt ei krone i overskot.
Nett No spurte korleis Kjerstad og partiet såg på slike konsekvensar for gründerar. Etter å ha rådført seg med partiet sine finanspolitikarar, svarar ho på e-post.
– Eg tviler ikkje på at det kan vere stramt for eigarar i ein situasjon med kapitalutviding og høgt prisa oppstartselskap. SV anerkjenner at det er situasjonar som kan vere spesielle, og vi var med på fleire forslag i samband med gründermeldinga som kunne, om dei fekk fleirtal, vere til nytte for gründerar, opplyser Kjerstad.
Ville gjere unntak for teknologiar
Eitt av forslaga SV har gått inn for saman med Høgre, er å greie ut om teknologiar kunne gå innunder det same unntaket for immaterielle verdiar i utrekninga av skatten.
Dette skulle stimulere til auka investeringar i tech-bransjen. Eit slikt forslag kunne også vore til noko hjelp for Tana-gründerane.
Også Høgre, MDG og Venstre har vore inne på tilsvarande tankar, men til no har det ikkje vore eit samla fleirtal på Stortinget om eit slikt forslag.
Felles velferd og infrastruktur fordrar at også formue vert skattlagt, ikkje berre lønsinntekter, skriv ho samtidig.
– Veks formuen kraftig, så er det også inntekter, sjølv om dei kanskje ikkje er realiserte i augneblinken, legg ho til.
Formuesskatten er ein personskatt
Sjølv om formuesskatten råkar mange bedriftseigarar, er det ein personskatt, påpeiker SV-politikaren.
– Skatten skal betalast av bokført verdi minus gjeld, ikkje av marknadsprisen av selskap. Ofte har gründerar unoterte aksjeselskap med mykje gjeld, og då blir formueskatten ikkje spesielt høg. Kor mykje gjeld det er i dette selskapet vitast ikkje, men eg reknar med at likviditetsvanskane for eigarane er reelle med denne kapitalutvidinga. Kanskje er dette eit døme på ein situasjon i selskapsprosessen som bør diskuterast løysingar på, utan at svaret nødvendigvis er å fjerne eller redusere skatten i seg sjølv, skriv Kjerstad vidare.
– Kanskje ikkje verre for desse enn for andre
SV-politikaren er likevel ope for at konkrete historier – som Tana-gründerane fortel – kan gi grunn til å sjå nærare på korleis dagens skattereglar verkar.
– Konkrete saker og spesielle situasjonar meiner eg kan gi grunn til å sjå på innretninga. Å få ei utsetjing av skatten kunne vere ei løysing. I prinsippet meiner eg at det ikkje finst meir enn ein slags pengar. Alle skattar reduserer disponible inntekter, og anten ein betale det frå sparekontoen, ved å ta ekstra utbytte av holdingselskap, eller med å utvide eit lån. Om selskapet er prisa til ein milliard, så er det kanskje ikkje verre for desse enn for andre å betale skatten, spør Kjerstad.
Fleire parti vil redusere formuesskatten
Dei fleste borgarlege partia er samde om å fjerne formuesskatt på sokalla arbeidande kapital – medan Frp vil fjerne skatten heilt.
Samtidig er det kreftar i Raudt som vil sjå på moglegheitene for å trekke ut det som blir omtala som produksjonsmidlane i berekninga av formuesskatten. Eit forslag frå Raudt Møre og Romsdal om ei slik endring, fekk ikkje fleirtal på landsmøtet nyleg.
Eg er ikkje med på forteljinga om at det er urettferdig at dei som har stor formue må betale formueskatt
For Birgit Oline Kjerstad og SV er det ikkje aktuelt å gå i den retninga.
– Norge som elles i verda at det ein liten prosent av dei med formue som eig meir og meir av verdiane i samfunnet. Eg er ikkje med på forteljinga om at det er urettferdig at dei som har stor formue må betale formueskatt. Realiteten er at Norge ligg godt under gjennomsnittet i kapitalskatten samanlikna med andre OECD-land. Når det er sagt er det viktig at det er tilgang på risikokapital tilgjengeleg for oppstartselskap og innovatørar, og det er noko SV ynsker å bidra til, skriv ho vidare.
Publisert: 13.03.2025 05:00
Sist oppdatert: 12.03.2025 23:50