Dag Inge Ulstein foto marius
FOSNAVÅG: KrF-leiar Dag-Inge Ulstein var denne veka på besøk i Fosnavåg i samband med et folkemøte om formuesskatt. Partiet vil fjerne skatten på arbeidande kapital. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil ha nytt ekspertråd for nyskaping

KrF-leiaren meiner Norge bør lære av Finland. – Avgjerande å sette fullt trykk, seier han.

Marius Rosbach
25.10.2024

Den ferske – og inntil vidare førebelse - leiaren av Kristeleg Folkeparti, Dag-Inge Ulstein lanserer eit nytt forslag til korleis omstilling og nyskaping kan kome høgare på dagsorden.

Etter modell frå Finland vil han ha på plass eit omstilling- og innovasjonsråd, direkte leia av statsministeren. Ulstein meiner det er fleire gode grunnar til å gjere eit slikt grep.

– Denne regjeringa har lagt hinder i vegen for den nødvendige omstillinga vi står ovanfor, og no er det avgjerande å sette fullt trykk på dette arbeidet, seier han til Nett No. 

– Bør vere mykje meir aktive
KrF-leiaren peiker på at det meste av det ein kan kalle innsatsfaktorar for omstilling, lir under Støre-regjeringa sin politikk. 

Ulstein viser til at kapital til investeringar er blitt meir vanskeleg tilgjengeleg – mellom anna grunna auka skatterekning til bedriftseigarar. 

Samtidig går statlege løyvingar til forsking og utviklingsarbeid ned, medan gründerar er høglydt misnøgde med fleire politiske grep – som den omstridde exit-skatten. 

– Alt dette er viktig for å få til omstilling, påpeiker han.

– Vi kan ikkje sitte og vente medan vi høyrer alarmklokkene går, og KrF meiner Norge bør vere mykje meir aktive for å få til den omstillinga, legg han til. 

Vi kan ikkje sitte og vente medan vi høyrer alarmklokkene går
Dag-Inge Ulstein

«Ekspertråd» for å løfte nyskaping
Den finske løysinga for å løfte politikk for nyskaping, er eit råd som blir leia direkte av statsministeren. 

Rådet består av kring 20 personar og kjem mellom anna frå næringsorganisasjonar, akademia og forsking. I tillegg har sentrale statsrådar på feltet plass i forumet som møtast med jamne mellomrom. 

Les meir om ordninga her (ekstern lenke)

Rådet skal hjelpe styresmaktene med å meisle ut den langsiktige politikken på området, presentere forslag til strategiske grep og følgje med på endringar som påverkar utviklinga.

Vil kutte i formuesskatten
KrF-leiaren understrekar at den langsiktige konkurransekrafta i næringslivet, ligg til grunn for berekraftige velferdstenester på sikt. 

Skatterekninga er i praksis blitt dobla for norske bedriftseigarar under dagens regjering, 

Saman med dei andre borgarlege partia, går KrF inn for å kutte i formuesskatten ved å fjerne den på sokalla arbeidande kapital. Om valresultatet neste år gir borgarleg siger, trur Ulstein at eit slikt grep blir noko av det første eit eventuelt fleirtal vil samle seg om. 

Dag-Inge Ulstein vil ikkje snakke om ulike scenario for regjeringsalternativ, og er i første rekke oppteken av at partiet klarer å klatre over sperregrensa på fire prosents oppslutning. 

– Om vi lukkast med det, trur eg KrF kan bli avgjerande for at det kan bli eit regjeringsskifte, seier han. 

Per Saevik Lars Oscar Ovstegard foto Marius
PÅ FOLKEMØTE: Havila-eigar Per Sævik saman med Lars Oscar Øvstegård under folkemøtet i Herøy. På førehand hadde Sævik hatt eit møte med KrF-leiaren. Foto: Marius Rosbach

Fekk gode råd frå Per Sævik
Då den utflytta sulalendingen besøkte Herøy på folkemøtet om formuesskatt tidlegare i veka, tok han også turen innom Per Sævik ved Havila-konsernet sitt hovudkontor.

Sævik har ei fortid som stortingsrepresentant for KrF, og er framleis engasjert i korleis det går med partiet. Ulstein stadfestar at Sævik hadde fleire gode råd og innspel. 

– Eg har enorm respekt både for kven han er, kva han står for og engasjementet han har lagt ned. Eg kom dit for å lytte, og sette stor pris på den samtalen, seier Ulstein. 

Under folkemøte gjekk Sævik til frontalangrep på regjeringspartnar Senterpartiet, og meinte dei var med å øydelegge arbeidsplassar gjennom politikken dei førar saman med Arbeiderpartiet.

– Sævik er på mange måtar eit forbilde for meg, og det er trist å sjå korleis slike som han blir «spent bein» på med dagens politikk, legg Ulstein til. 

Publisert: 25.10.2024 05:00

Sist oppdatert: 24.10.2024 20:58

Mer om