Olav Sindre Kriken 1 foto Marius
LOKALPATRIOT: Olav Sindre Kriken er Ørsta-patriot, men har vald å flytte til USA for å bygge opp Tana-selskapet. Formuesskatten er likevel ei utfordring som gjer at gründeren må selje seg ned i oppstartsselskapet sitt. Foto: Marius Rosbach
Nytt

I skattefelle etter investorsuksess

Ørsta-gründer har mellom andre fått Bill Gates på eigarsida. Rår unge til å reise utanlands for å satse.

Marius Rosbach
21.02.2025

Dei som kjenner ørstingen Olav Sindre Kriken veit han er lokalpatriot på sin hals. Og helst vil han rå unge til å starte opp verksemder i heimbygda. 

Etter å ha fått merke konsekvensane av skattesystemet for gründerar på kroppen, meiner han likevel at vilkåra for å starte business i Norge rett og slett er blitt for dårlege.

– Kom deg ut av Norge så fort som råd, før du overhovudet startar opp. Det er dessverre mitt råd, seier Kriken til Nett No. 

– Viss ikkje blir du teke både på exit-skatt og formuesskatt, og du greier ikkje bygge. Du kan heller bygge det du vil gjere globalt. Så kan du flytte heim og dele av det du har skapt på eit seinare tidspunkt, legg Kriken til. 

Investorsuksess og milliardprising 
Saman med dei andre gründerane i teknologiselskapet Tana, Tarjei Vassbotn og Grim Iversen, har han vore gjennom det som eigentleg har vore ei eventyrleg reise til no. 

Med base delvis i San Fransisco og delvis på Sunnmøre har dei henta inn vekstkapital på kring 285 millionar, som har gjort at selskapet er prisa til kring éin milliard.

– Eg har fått vere med på den reisa eg har drøymt om, sjølv om vi håpar at vi framleis berre i starten, seier Kriken. 

– Dei fleste arbeidsplassane ligg i Norge
No merkar gründerane også baksida av suksessen. 

Trioen som starta opp Tana, har eit selskap i USA og eit norsk selskap der rettane til programvara ligg.

Skatteverdien blir rekna ut frå deira norske holdingselskap, og som følgje av kapitalutvidinga har auka i verdi. Det gir igjen ei kraftig auke i den skattepliktige formuen til eigarane.

Det utløyser formuesskatt som gründerane må betale, sjølv om selskapet framleis ikkje har gitt ei krone i overskot.

– Dei fleste arbeidsplassane ligg i Norge og verdiane blir skapt herifrå. Vi får utanlandske investorar til å legge pengane sine i verdiskaping i Norge. Også blir vi straffa ved å måtte betale skatt på noko som ikkje finst, seier Kriken. 

Tana Tarjei Vassbotn Grim Iversen Olav Sindre Kriken foto Privat
USA: Tana-gründerane Tarjei Vassbotn (f.v.), Grim Iversen og Olav Sindre Kriken har base delvis i USA og delvis på Sunnmøre. Foto: Privat

Flytta til USA før exit-skatten
Sjølv flytta ørstingen tilSan Francisco hausten 2023 og pendlar no mellom Norge og USA.

Dei to andre gründerane er framleis busett i Norge, men alle tre blir råka av exit-skatten. 

Kriken understrekar at han gjerne vil bidra med skattepengar til fellesskapet, men at det må vere på verdiar han faktisk har. 

– Ingen av oss har cash på konto og vi har brukt all vår tid og pengar inn i selskapet. 

Blir tvungne til å selje seg ned 
Einaste moglegheita gründerane ser for å betale skatterekningane, er å selje aksjar.

– Vi ser på tala at dette vil bli ein suksess, og det er ingen av oss som ønsker å selje ned den norske eigarskapen. Likevel vert vi tvungne til å selje - og det er forferdeleg trist, seier han.

Kriken reknar med at aksjane vil gå til utanlandske eigarar. 

I dag har gründerane hand om litt over 51 prosent av selskapet. Med eit nedsal, vil dei med andre ord samtidig gi frå seg kontrollen.

Tana tarjei vassbotn investormatch foto marius 11
PLATTFORMLØYSING: Tarjei Vassbotn viste fram litt av korleis plattformen såg ut under Investormatch i 2022. Han har tidlegare hatt leiande stillingar i Google i USA og vore med å bygd opp Disruptive Technologies. Foto: Marius Rosbach

Plattform som nyttar kunstig intelligens
Produktet er ein digital plattform som ved hjelp av kunstig intelligens, skal hjelpe med å organisere oppgåver og informasjon.

Namnet kjem frå Tanaelva, og formålet er å samla ustrukturerte data i ein «elv av informasjon» ved hjelp av telefonen.

Tana-gründerane har dei siste vekene vore intervjua av dei store næringslivsavisene her til lands. Eit titals tidsskrift og nettstader over heile verda har også omtalt lanseringa av plattforma deira.

Slo Open AI i lanseringa
–  Det er ei heilt surrealistisk oppleving det vi har fått vere med på til no, og mottakinga har vore over all forventing, seier Kriken.

Mellom høgdepunkta til no har vore ein fleire timar lang middag med Bill Gates – som er med som investor via Tola Capital, og at Tana blei vekas produkt i amerikanske Techcrunch i konkurranse med Open AI, som lanserte samtidig.

Olav Sindre Kriken 2 foto Marius
SIKTAR MOT RASK VEKST: Olav Sindre Kriken fortel at lanseringa har gått over all forventing og at dei siktar mot rask vekst. foto: Marius Rosbach

Målet er balanse i løpet av to år
Strengt tatt er det no jobben til gründerane har starta for alvor. Inntektene har allereie starta å kome, men å vere i balanse, ligg framleis eit stykke fram. 

– Vi ser føre oss at vi må vekse raskare enn den tradisjonelle vekstraten for nye selskap, og at vi bør kome oss dit i løpet av to år. Det kan også gi oss betre kontroll på selskapet, seier Kriken. 

Samtidig er dei innforstått med at situasjonen kan endre seg undervegs. Om det blir behov for å hente meir kapital, trur han det kan ta ytterlegare eit par år før dei kjem i balanse. 

Tenar pengar på abonnement
Veksten skal dei mellom anna klare å nå ved hjelp av dei 160.000 personane som selskapet fortel hadde meldt si interesse allereie før lansering. 

Kriken fortel at dei har ein abonnementsmodell som i første rekke er for privatpersonar. Ein kan velje mellom ein gratis versjon, 8 dollar eller 14 dollar månaden. 

Allereie er det folk internt i selskap som Google, X, Meta og Tesla som har teke i bruk plattforma. Håpet til gründerane er naturleg nok at det skal spreie seg globalt.

– Vi opplever no at selskap tek kontakt for å få oss til å kome å lære opp tilsette i Tana, fortel han.  

Retting: I den første versjonen av denne saka stod det at Olav Sindre Kriken unngår exit-skatt. Det stemmer ikkje og blei retta 21. februar klokka 09.21

Olav Sindre Kriken er medeigar i Bakkar og Berg Media AS som gir ut Nett No. 

Publisert: 21.02.2025 05:00

Sist oppdatert: 21.02.2025 09:22

Mer om