Nett No omtala måndag korleis Tana-gründer Olav Sindre Kriken hamna i ei skattefelle etter ei vellukka investorjakt.
Som følgje av at teknologiselskapet er blitt prisa til éin milliard når dei henta inn pengar, har eigarane fått ei kraftig auke i den skattepliktige formuen – før selskapet har levert ei krone i overskot.
Kriken sin konklusjon er å anbefale unge til å reise utanlands om dei vil bygge forretningsverksemd.

Raudt-politikar Aina M. Hauge likar ikkje slike utslag av skattesystemet, og vil forsøke få gjennomslag for ei endring i eige parti.
– Om det dreiar seg om papirverdiar på unoterte aksjar, vil eg personleg jobbe for å endre på det i perioden som kjem. Men vi rekk ikkje få opp det forslaget til landsmøtet i helga, fortel ho til Nett No.
Hauge er leiar i Raudt Møre og Romsdal og kjem frå industrikommunen Ulstein. Ho er sjølv næringsdrivande i håroljeselskapet Norvivo.
– Vil føre til at overskotet blir reinvestert
Allereie på landsmøtet til partiet i helga skal Hauge på talarstolen.
Då vil ho overtyde partifellar om å vere med på eit kutt i formuesskatten på bakgrunn av eit forslag frå fylkeslaget i Møre og Romsdal.
Forslaget går ut på å trekke ut det Hauge omtalar som produksjonsmidlane - som maskiner, utstyr og bygningsmasse - frå utrekninga av formueskatten.
Nett No har tidlegare omtala forslaget som Hauge la fram under eit bedriftsbesøk hos Ulstein-konsernet.
– Vårt forslag vil føre til at overskotet blir reinvestert i bedriftene, og at eigarane ikkje blir straffe ved at dei satsar på å utvikle hjørnesteinsbedrifter, seier ho.
Fylkeslaget vil også at ressursar til kompetanseheving skal kunne reknast med i produksjonsmidlane. Raudt-politikaren seier at det er vesentleg for partiet å satse på dei tilsette.

Meiner høgresida har ei dårleg løysing
Raudt har vore ein støttespelar for å auke skattar under Støre-regjeringa.
– Vi i Møre og Romdal meiner det vil gjere oss til eit meir relevant parti at vi sørger for at det blir «lys i husan». Det vil også bidra til lokalt eigarskap, seier Hauge.
Partia på borgarleg side har i stor grad har samla seg om at dei vil fjerne formuesskatten på sokalla arbeidande kapital.
Det meiner Hauge er ein dårleg ide, og vil føre til eit altfor omfattande fritak frå skatten.
– Vi meiner høgresida sitt forslag til føre til ein eksplosjon i bustadprisane, fordi det ikkje er nokon som har klart å definere «arbeidande kapital» på ein god måte, seier ho.
Regjeringa har møtt krass kritikk
Regjeringa med Arbeiderpartiet og Senterpartiet har i løpet av si regjeringsperiode skjerpa skattane som råkar bedriftseigarar.
Ifølgje ei undersøking frå Regnskap Norge frå 2023, var desse dobla sidan Støre-regjeringa kom til makta.
Skjerpingane har møtt kraftig kritikk frå ein rekke bedriftseigarar, SMB Norge og politikarar frå ulike parti.
Statsminister Jonas Gahr Støre har forsvara formuesskatten med at han ikkje ser andre moglegheiter enn formuesskatten for at dei som har mest, skal bidra nok til fellesskapet.
Samtidig har regjeringa peika på at det går bra i norsk næringsliv med store overskot i industrien og rekordar i eksport og investeringar.
Publisert: 26.02.2025 05:00
Sist oppdatert: 25.02.2025 23:28