Barth eide IKKE GJENBRUK foto ntb
DYRT: Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) reknar med at kompensasjonsordninga for klimakvotar blir på 100 milliardar kroner fram til 2030. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

100 milliardar i klimakvotestøtte

Regjeringa gir etter for Esa-kravet om kompensasjon til industrien. Det gir millairdrekning til staten.

22.08.2022

NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal: Ordninga med kompensasjon for klimakvotar blir mykje dyrare enn ein tidlegare har rekna med.

Til saman vil det koste 100 milliardar kroner i perioden 2021-2030, opplyser Klima- og miljødepartementet. Det inkluderer ei påplussing på 18 milliardar kroner, som kjem fordi regjeringa går med på hovudinnvendings frå Efta sitt overvakingsorgan, Esa.

– Regjeringa har arbeidd for å få tilslutning til å behalde den CO2-kompensasjonsordninga vi har hatt tidlegare, og har ønskt å halde eigenkraft utanfor ordninga. Esa meiner dette kan vere ei ulovleg forskjellsbehandling mellom bedrifter med og utan eigenkraft, skriv klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) i ein e-post til NTB.

Noreg ønskte to unntak
Eit femtitals industribedrifter kan få kompensasjon frå staten for å dekkje auka kraftprisar som følgje av EU-kvotesystemet for CO2-utslepp. Ordninga skal hindre bedriftene i å flagge ut. Det gjeld produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling.

Noreg ønskte i utgangspunktet at to forhold skulle haldast utanom, men har no gitt etter.

Den viktigaste endringa er at også industri som har eigenkraft, kan kompenserast. Eigenkraft betyr elektrisitet frå kraftverk som bedrifta eig sjølv.

I tillegg ønskte Noreg i utgangspunktet at verksemd med lågare straumforbruk (under 10 GWh i året) skulle sjåast bort frå. Esa meinte dette kunne skape eit urettferdig skilje mellom verksemder som låg rett over og rett under denne grensa. Regjeringa har no sagt seg villig til å fjerne denne terskelen.

Det nye forslaget frå regjeringa vart fredag sendt over til Esa for godkjenning. Sidan Noreg kjem Esa i møte, er det venta å få godkjentstempel i haust.

Måtte rekke utbetaling
Argumentet til regjeringa har vore at berre industribedrifter som er avhengige av å kjøpe kraft på straummarknaden, skulle kompenserast. Ei bedrift som eig sitt eige fossefall og kan produsere sin eigen straum, er ikkje utsett på den same måten som bedrifter som må kjøpe straum i marknaden.

Men Esa peika på at også selskap med eigenkraft kanskje kan vere utsett for karbonlekkasje – altså at bedrifta flyttar verksemda til eit anna land med mindre streng klimapolitikk.

Dersom Esa skulle gjennomføre ei full vurdering av spørsmålet, ville det ta tid. Då ordninga vart lagt om i 2021, kom det nye reglar for utbetaling. No må støtta utbetalast same år eller året etter søknad. Dermed må ordninga vere på plass innan nyttår viss norske bedrifter skal få støtta dei ventar seg for 2021.

Regjeringa ville derfor ikkje be Esa om ei full behandling for å sjå på om unntaket ville vere innanfor reglane eller ikkje. Barth Eide skildrar ein situasjon der regjeringa knapt hadde noko anna val.

– Ordninga må godkjennast av Esa før ho kan tre i kraft. For å rekke å utbetale kompensasjon for 2021, og sikre føreseielegheit for industribedriftene som forventa kompensasjon for støtteåret 2021, har vi sett oss nøydde til å inkludere eigenkraft i ordninga, skriv han.

900 millionar ekstra
I statsbudsjettet for 2022 var det sett av 2,8 milliardar kroner. Det er ikkje nok til å dekkje det støtta no vil koste. Utvidinga reknar ein med vil koste 900 millionar kroner meir for støtteåret 2021.

– Eigenkrafta gjer det nødvendig med auka løyvingar til ordninga. Vi vil be Stortinget om meir pengar over 2022-budsjettet for å dekkje den auka utgifta, skriv Barth Eide.

I mellomtida ber regjeringa om at bedriftene det gjeld, må sende inn søknad, sjølv om forskrifta enno ikkje er formelt vedteken. Slik kan ein få behandla søknaden så raskt som mogleg og nå fristen ved utgangen av året.

Usikre anslag
Regjeringa vil følgje opp overfor industrien med dialog om korleis ein kan sikre ei konkurransedyktig og berekraftig kompensasjonsordning.

– Om kort tid vil vi møte industrien og andre sentrale aktørar for å diskutere korleis vi kan finne løysingar som gir føreseielegheit og gode rammevilkår for norske bedrifter, skriv Barth Eide.

Storleiken på CO2-kompensasjonen blir rekna ut årleg. Anslaget på 100 milliardar kroner fram til 2030 er svært usikkert og avheng av mellom anna kvoteprisen og aktivitetsnivået i industrien. Kompensasjonen blir ikkje påverka av den faktiske kraftprisen industrien står overfor.

Publisert: 22.08.2022 07:51

Sist oppdatert: 22.08.2022 09:05

Mer om