Haram 1
ÅLESUND: Valstyret i Ålesund seier ja til at 16- og 17-åringar i Haram får røyste. Skjermdump: Facebook
Nytt

16-åringar får røyste om skilsmisse frå Ålesund

Med 10 mot 5 stemmer har valstyret i Ålesund sagt ja til at 16- og 17-åringane i Haram får røyste.

18.01.2022

Det var Kari Grindvik frå Venstre som sette fram forslaget på eit møte i valstyret tysdag.

- Dette berører framtida, slik at eg meiner at 16- og 17-åringane bør få mulegheit å stemme ved dette valet, sa Grindvik.

Ho fekk støtte frå ei rekke representantar, medan Torbjørn Fylling (Frp) åtvara.

- Eg har ingen ting imot 16-åringar. Men om stemmerettsalderen var 16 år, hadde det vore greitt for meg å engasjere 16-åringane. Men stemmerettsalderen er i dag 18 år.

- Om vi endar på 50/50-resultat kan det fort kome kritikk på at vi lagar våre eigne reglar når det gjeld alder på dei som kan stemme.

- Alle val er viktige
Også Hans Kjetil Knudsen (Ålesundslista) var skeptisk.

- Eg seier nei til 16-åringar, rett og slett fordi stemmerettsalderen her i landet er 18 år.

Knudsen var heller ikkje samd i grunngjevinga om at dette valet er viktig for framtida.

- Alle val er viktige for framtida.

Må godkjennast
Det er ein føresetnad for å opne for alle over 16 at Valdirektoratet godkjenner dette.

Derimot vart det samrøystes fleirtal for eit forslag om at Søvik/Grytastranda vert eigen stemmekrins, slik det var ved førre val.

Eit framlegg frå Thorbjørn Fylling (FrP) om å opne for førehandstemming allereie frå 1. februar, slik at folk som skal på reise eller anna får anledning til å røyste tidleg, vart nedstemt.

Alle val er viktige for framtida
Hans Kjetil Knudsen

Innbyggarinitiativ
Bakgrunnen for den nye folkerøystinga er at den nye regjeringa har opna opp for at tvangssamanslåtte kommunar kan bli oppløyste dersom kommunestyret sender søknad om dette til departementet innan 1. mars i år.

I Haram har det vore sterk misnøye etter kommunesamanslåinga, og 21. oktober i fjor mottok Ålesund kommune eit innbyggarforslag med krav om folkerøysting i kommunedelen Haram. Målet for innbyggarinitiativet "Haram ut av Ålesund" er å få oppheva Stortinget sitt vedtak om tvangssamanslåing. For å oppnå dette krev innbyggarforslaget at det blir gjennomført ei folkerøysting.

Ålesund kommunestyre vedtok 25. november å gjennomføre folkerøysting i Haram kommunedel. I tillegg bad kommunestyret om at det blir gjennomført ei opinionsundersøking i heile kommunen. Før dette skal kommunen skaffe eit kunnskapsgrunnlag gjennom ei ekstern utgreiing som klargjer kva konsekvensar delinga eventuelt vil få for den utskilde kommunen og den gjenverande kommunen.

17. februar skal konsekvensugreiinga handsamast i Ålesund kommunestyre. Dagen etter – 18. februar – vert det digitalt folkemøte der det vert opna for å stille spørsmål, medan det i perioden 19. – 25. februar skal gjennomførast opinionsundersøking i heile Ålesund kommune.

26. februar vert det opna for førehandsrøysting, medan valdagen er 3. mars.

Utgreiinga skal:
a) klargjere kva konsekvensar delinga vil få for den utskilte kommunen og gjenverande kommune knytt til samfunnsutvikling, tenester til innbyggarane, økonomi, utøving av mynde, lokaldemokrati og kommunen som arbeidsgivar,

b) klargjere kva prosessen fram til oppløysning vil innebere i forhold til kostnadar, prosjektbygging og organisering.

c) ha som del av kunnskapsgrunnlaget utgreiingar som vart gjort i samband med samanslåingsprosessane i dei fem kommunane.

Før innbyggarane skal ta stilling til delingsspørsmålet, vil Ålesund kommune gjennom Posten sende ut skriftleg informasjon til alle husstandar i kommunen.

Les meir om framdriftsplanen her.

Publisert: 18.01.2022 10:27

Sist oppdatert: 18.01.2022 12:09

Mer om