Nytt
25 oppdrettarar saksøkjer staten for pålagde kutt
Meiner det er «store hol» ved trafikklyssystemet til styresmaktene.
06.08.2020
(NPK-NTB): Alle lakse- og aureoppdrettarar mellom Nordhordland og Stad stemnar staten etter at dei vart pålagde å kutte produksjonen gjennom «trafikklyssystemet».
– Når staten pålegg ein storstilt reduksjon av produksjonen og verdiskapinga i området, må vi kunne forvente at grunnlaget for avgjerda er solid og etterprøvbart. Føreseielegheit og vitskapleg forankring var ein føresetnad då trafikklyssystemet vart innført. Vi har likevel avdekt store hol i det faglege grunnlaget som vedtaket om reduksjon er basert på, seier talspersonen til havbruksbedriftene Even Søfteland i ei pressemelding.
Tidlegare i år vedtok Nærings- og fiskeridepartementet at Produksjonsområde 4, som strekker seg frå Nordhordland til Stad, skulle fargast raudt i det nye trafikklyssystemet. Det inneber at alle selskap i området må redusere matproduksjonen sin med 6 prosent.
Havbruksbedriftene varsla allereie 3. juni at dei ville gå til søksmål mot staten viss vedtaket vart halde oppe. Dei skriv i pressemeldinga at dei mellom anna har foreslått løysingar som å senke produksjonen med heile 12 prosent på våren.
– I svaret til departementet viste dei vilje til å gå i dialog for å diskutere løysingar. Vi har sjølvsagt følgt opp denne invitasjonen, men forsøka våre på dialog har dessverre ikkje vorte svart på. Det synest vi er svært beklageleg, og vi ser no ingen andre moglegheiter enn at retten må vurdere saka, seier Søfteland.
– Å redusere produksjonen av landets nest viktigaste eksportvare med 6 prosent, får store konsekvensar for lokalsamfunn, underleverandørar og skatteinntektene til kommunane. Når eit så inngripande tiltak mot næringa blir gjennomført, må vi kunne forvente at dei faglege og juridiske vurderingane som ligg bak er svært solide. Det er ikkje tilfellet i denne saka, og vi bringar derfor no saka til rettssystemet, seier Even Søfteland.
Kommunikasjonsrådgivar Halvard Wensel i Nærings- og fiskeridepartementet skriv i ein e-post til NTB at departementet registrerer at selskapa har teke ut søksmål, men at dei ikkje har nokon kommentarar på noverande tidspunkt.
– Når staten pålegg ein storstilt reduksjon av produksjonen og verdiskapinga i området, må vi kunne forvente at grunnlaget for avgjerda er solid og etterprøvbart. Føreseielegheit og vitskapleg forankring var ein føresetnad då trafikklyssystemet vart innført. Vi har likevel avdekt store hol i det faglege grunnlaget som vedtaket om reduksjon er basert på, seier talspersonen til havbruksbedriftene Even Søfteland i ei pressemelding.
Tidlegare i år vedtok Nærings- og fiskeridepartementet at Produksjonsområde 4, som strekker seg frå Nordhordland til Stad, skulle fargast raudt i det nye trafikklyssystemet. Det inneber at alle selskap i området må redusere matproduksjonen sin med 6 prosent.
– Ingen andre moglegheiter
I trafikklyssystemet blir landet delt inn i 13 fargelagde område. Fargen blir sett ut frå korleis lakselusa påverkar villaksen i området, og avgjer om oppdrettarane i området får lov til å auke produksjonskapasiteten laks, eller om den må reduserast.Les også:
Havbruksbedriftene varsla allereie 3. juni at dei ville gå til søksmål mot staten viss vedtaket vart halde oppe. Dei skriv i pressemeldinga at dei mellom anna har foreslått løysingar som å senke produksjonen med heile 12 prosent på våren.
– I svaret til departementet viste dei vilje til å gå i dialog for å diskutere løysingar. Vi har sjølvsagt følgt opp denne invitasjonen, men forsøka våre på dialog har dessverre ikkje vorte svart på. Det synest vi er svært beklageleg, og vi ser no ingen andre moglegheiter enn at retten må vurdere saka, seier Søfteland.
Ikkje mot trafikklyssystemet
Han understrekar at aktørane ikkje er motstandarar av trafikklyssystemet, og seier at usemja handlar om det faglege grunnlaget som ligg til grunn for reduksjonen.– Å redusere produksjonen av landets nest viktigaste eksportvare med 6 prosent, får store konsekvensar for lokalsamfunn, underleverandørar og skatteinntektene til kommunane. Når eit så inngripande tiltak mot næringa blir gjennomført, må vi kunne forvente at dei faglege og juridiske vurderingane som ligg bak er svært solide. Det er ikkje tilfellet i denne saka, og vi bringar derfor no saka til rettssystemet, seier Even Søfteland.
Kommunikasjonsrådgivar Halvard Wensel i Nærings- og fiskeridepartementet skriv i ein e-post til NTB at departementet registrerer at selskapa har teke ut søksmål, men at dei ikkje har nokon kommentarar på noverande tidspunkt.
Les også:
Publisert: 06.08.2020 09:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00