5 5 til 1 5 aars fengsel i fiskesvindeldom
BORTE: Frå Scanprod sitt anlegg på Valderøya blei det stole fisk i følgje tiltalen, men dommarane fann det ikkje bevist at det er snakk om tjuveri.
Nytt

5,5 til 1,5 års fengsel i fiskesvindeldom

Tre tiltalte er dømt til mellom fem og eit halvt og eitt og eit halvt års fengsel for handel med fisk som stamma frå ikkje lovleg kjelde.

12.10.2016

Aalesund Seafood-sjef Bjørn Kåre Eikrem og to andre personar er tiltalt for tjuveri og/eller heleri av fisk for over 11 millionar kroner. Tiltalen omfatta og brot på meirverdiavgiftslova og matlova.

Dommen som kom i dag er på fem års fengsel for den ein tiltalte, tre års fengsel for Eikrem og eitt og et halvt års fengsel for tredjemann. Dei er dømt for heleri, ikkje tjuveri.

Eikrem vart frifunnen for brot på matlovas forbod mot å omsette næringsmiddel som ikkje er trygt, og er også frifunnen for inndragningkravet. Dei to andre er dømt for det dei er tiltalt for, med unntak av tjuveri.

- Eg har diskutert saka med min klient. Han har den oppfatning at dommen er uriktig (for punkta han er dømt for, red. merk). Hans oppfatning er at han ønskjer å anke, seier Eikrems advokat Bertil Rønnestad.

Den eine tiltalte (tiltalte nummer ein) er idømt til inndraging av 4,8 millioner kroner som skal gå til i erstatning til Scanmar, selskapet som eigde fisken. Den tredje (tiltalte nummer to) er idømt inndraging av 1,3 millionar kroner.

- Min klient er fornøyd og lettet over at en enstemmig rett under skyldspørsmålet er kommet til at det ikke er stjålet en eneste fisk fra Scanprod, seier Anders Svinø i ein epost, som forsvarar tiltalte nummer ein. Svinø seier klienten hans vil studere dommen og vurdere ein anke, og at han mellom anna vurderer straffa som vesentleg for streng.

Saman er dei tre dømt til å betale 600.000 kroner i erstatning til Scanmar.

Ikkje lovleg

"Retten har funnet det tilstrekkelig bevist at det kan utelukkes at fisken som Eikrem kjøpte fra den (tiltalte nummer ein), stammer fra lovlig kilde og dermed er utbytte av straffbar handling", heiter det i dommen.

Retten konkludere og med at det ut over rimelig tvil er bevist at Eikrem utviste forsett då han kjøpte fisken.

Samarbeid

I følgje tiltalen tok tiltalte nummer tre, eller medverka til at det blei tatt, 220.211 kilo fisk frå Scanprod sitt anlegg på Valderøya og selde vidare. Retten kom til at det ikkje er bevist at han stal fisken, men at han han medverka til heleri.

Fisken vart seld vidare til den tiltalte nummer tre som selde vidare til Aalsund Seafood.

Dei tre samarbeidde om handlingane, i følgje dommen.

Publisert: 12.10.2016 14:58

Sist oppdatert: 18.03.2021 11:11