70 prosent trainee suksess
UNGE OG LOVANDE: Traineekullet 2013-14 på samling i Sunnfjord. Øvst Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket AS. I midten f.v. Jan Erik Espeseth (Westcon), Benjamin Astbury Øverås (Innovasjon Norge), Daniel Bjørnson (Normatic), Jon Arild Nygård (Highsoft). Nede f.v. Darya Ramanava (Saga Fjordbase), Andrea Lomheim (Deloitte), Cato Solheim (Havyard), Martin Sunnarvik (Lotteri- og stiftelsestilsynet), Katrine Stafsnes Osland (Sparebanken Sogn og Fjordane).
Nytt

70 prosent trainee-suksess

På ti år har 99 unge med høgare utdanning gjennomført trainee-programmet i Sogn og Fjordane. 68 av dei jobbar i fylket framleis. Framtidsfylket AS har lært bedriftene å skryte av seg sjølv. 

Ivar Myklebust Longvastøl
16.01.2014
- Når 70 prosent av traineane framleis jobbar her, er det ein bra suksess, meiner Gro Rukan, dagleg leiar for Framtidsfylket AS som administrerer trainee-programmet på vegne av bedriftene.

16 nye stillingar

16 nye trainee-stillingar er no lyst ut, med .
- Vi er det einaste fylket som har gått saman om ei regional trainee-ordning, seier Rukan.
25 av dei mest profilerte bedriftene i Sogn og Fjordane er aksjonærar i Framtidsfylket AS, blant dei Moods of Norway, Hotel Alexandra, Domstein, Fjord1, Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane (sjå faktaboks).

Meir synlege

- Oppgåva vår er å synleggjere karrieremulegheiter og rekruttere folk til næringslivet i Sogn og Fjordane, seier Rukan.
- Betyr det at næringslivet i seg sjølv ikkje er attraktivt nok?
- Det betyr vel at her er mange små og mellomstore bedrifter som kan lykkast betre når ein jobbar saman. Det er mange om beinet, og vi konkurrerer med store bedrifter som tek med seg studentar på helikopterturar for å få dei inn i bedrifta.

Flinkare til å skryte

- Folk i Sogn og Fjordane er gode til å jobbe og stå på, men vi er ikkje så flinke til å skryte av oss sjølve. Vi må tørre å fortelje kva vi er gode på, seier Rukan.

Trainear tok initiativet

Etter ein forsiktig start var det ei gruppe trainear som tok initiativet til å opprette ein nettportal for å formidle mulegheitene som finst i fjordfylket, og våren 2008 vart Framtidsfylket AS etablert, dei første åra med Anne van Oorschot som dagleg leiar.

På Havyard-verftet

Cato Solheim er ein av ni trainear i kullet 2013-2014. 26-åringen er tilsett på skipsverftet Havyard Ship Technology i Leirvik i Ytre Sogn og jobbar mest som prosessleiar, som betyr at han følgjer opp tekniske prosessar på nybygg. Han har fagbrev som serviceelektronikar, og bachelorgrad i fornybar energi og årsstudium i idrett frå Høgskulen i Sogndal på CV-en.
- Eg har vakse opp i Leirvik og har hatt sommarjobb på verftet, og då eg vart oppmoda om å søkje denne stillinga, slo eg til.

Har gitt meirsmak

Eit halvt år i jobben har gitt meirsmak. Akkurat no følgjer han opp bygginga av to offshorebåtar, ein tradisjonell supplybåt (PSV) og eit meir avansert fartøy som skal jobbe med undervassinstallasjonar på havbotnen (ROV).
- Eg får vere innom ulike avdelingar og lære bedrifta å kjenne. Eg lærer noko nytt kvar dag, og å få betalt for å lære, er kjempemessig, seier Solheim.

Skal til Brussel

Den opphavlege planen hans var å ta mastergrad i fornybar energi på Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås, men får han tilbod om ein interessant jobb vidare på verftet i heimbygda, så er han innstilt på å fortsetje.
Solheim rosar også det faglege og sosiale opplegget kring trainee-programmet. Gruppa har fleire samlingar i løpet av året og i april skal dei til Brussel for å lære om EU.

Karrieremesser

Ein viktig del av Framtidsfylket sitt arbeid er å arrangere tre karrieremesser i februar og mars kvart år, der bedrifter i Sogn og Fjordane vert inviterte til å presentere seg for potensielle nye medarbeidarar i Bergen, Oslo og Trondheim.
I Bergen har det svinga, medan det krev meir å mobilisere i Trondheim og Oslo.
- Allereie no har 51 bedrifter meldt seg for å vere med i Bergen, og dei siste åra har vi hatt kring 500 innom, dei fleste studentar. Eg vil tippe at kring 80 prosent har tilknyting til fylket, seier Gro Rukan.
Folk i Sogn og Fjordane er gode til å jobbe og stå på, men vi er ikkje så flinke til å skryte av oss sjølve

Publisert: 16.01.2014 06:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30