Bourbon slankar staben
MINDRE GJELD: Refinansieringa i fjor gjer at Bourbon Offshore Norway-sjef no driv eitt selskap som har fått redusert gjelda med 2,4 milliardar kroner. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Alle fartøy i arbeid

2,4 milliardar mindre i gjeld hjelper på for Bourbon.

06.10.2021

Etter at ankerhandteringsfartøyet Bourbon Orca vart seld tidlegare i år har Bourbon Offshore Norway fem forsyningskip, som alle er i arbeid.

Som ein del av refinansieringa av det franske morselskapet i fjor, blei også Bourbon Offshore Norway refinanisert, og gjelda kutta frå 2,7 milliardar kroner til 310 millionar ved utløpet av 2020.

– Gjelda er no på eit handterbart nivå, opplyser administrerande direktør Bjørn Remøy til NETT NO.

Han vil ikkje talfeste med kor mykje, men seier gjelda er ytterlegare redusert i år, mellom anna ved sal av fartøy.

Ventar betring
Remøy ventar oppgang i Nordsjø-marknaden, der selskapet opererer.

– Vi ser at det er anstendig aktivitet i periodar og vi vurderer marknaden til å vere omtrent tilbake i pre-covid tilstand. Etterspørselen av store PSV-ar (forsyningsskip) er aukande i område som Vest-Afrika, Sør-Amerika og Midt-Austen, som normalt vil kunne føre til ein rateoppgang i Nordsjømarknaden, skriv han i ein e-post til NETT NO.

Bourbon Offshore har i dag cirka 150 tilsette.

I 2020 tok Bourbon Offshore 640 millionar kroner i nedskrivingar, og i 2019 213 millionar kroner.

Bourbon Offshore Norway as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt234,7611,1
Driftsresultat-620,6179,5
Resultat før skatt-864,4-142,1

Publisert: 06.10.2021 05:55

Sist oppdatert: 05.10.2021 22:30

Mer om