Alle testa på Vigra-basen
Ventar på svar etter koronatest av kring 250 arbeidarar ved Subsea7-basen. Utbrotet truleg knytt til Ålesund.
Tysdag føremiddag opplyser avdelingsleiar Sofie Katrin Holmeset for smittevern i Giske kommune at «så å seie» alle dei kring 250 tilsette ved Subsea7 si base på Vigra er testa for koronasmitte.
– Vi ventar på resultata av siste pulje, fortel ho til NETT NO.
På det tidspunktet var status 18 smitta ved bedrifta som er mellombels stengt som følgje av smitteutbrotet.
Truleg knytt til utbrot i Ålesund
Tysdag blei det framleis jobba med smittesporing for å avdekke kjelda. Giske samarbeider også med ressursar i Ålesund kommune om testing og smittesporing.
I ei melding ved 11.30-tida tysdag opplyste Ålesund kommune i ei melding at også utbrotet ved Subsea7 truleg har samanheng med smitta som spreia seg ved Toldboden-restauranten i Ålesund.
Vi synest det er veldig krevjande at dei får eit slikt smitteutbrot
Håpar arbeidet kjem i gong att
Ordførar Harry Valderhaug i Giske kryssar fingrane for at arbeidet ved basen ikkje får ein langvarig stopp.
– Vi synest det er veldig krevjande at dei får eit slikt smitteutbrot. Og for bedrifta det gjeld, har vi eit stort ønske om at dei får kontroll og at dei kjem i gong med drifta att på Gjøsund, fortel Valderhaug til NETT NO.
Han påpeiker at fleire lokale bedrifter også blir råka som følgje av at Subsea7-arbeidarane ikkje får gjort jobben sin.
Flest tilreisande arbeidarar
Ordføraren meiner kommunen sitt apparat er godt rusta til å takle situasjonen, sjølv om den er krevjande. Kommunen har ein teststasjon ved rådhuset og ved Vigra-flyplassen som blir nytta i arbeidet.
Dei fleste Subsea7-tilsette ved basen på Gjøsundet, er tilreisande arbeidarar, som bur ved ein brakkerigg på anlegget, eller ved Quality Hotel Ålesund. NETT NO har tidlegare omtala prosjektavtalen som har sikra arbeid for overnattingsverksemda.
Fokus på dei tilsette
Kommunikasjonssjef Jan Roger Moksnes i Subsea7 kom måndag med ei uttale der han stadfesta at ni personar på det tidspunktet hadde testa positivt på koronasmitte.
Bedrifta samarbeider med kommuneoverlegane i Giske og Ålesund i «tråd med våre godkjente prosedyrar for å handtere situasjonen», opplyste Moksnes og la til at hovudfokus er å ta vare på dei tilsette og redusere smitterisikoen.
Sjekk siste oppdatering om saka frå Giske kommune (ekstern lenke)
Publisert: 04.05.2021 10:41
Sist oppdatert: 04.05.2021 11:46