Ulmatec lars illustrasjon innfelt bjorn gjerde
STORKONTRAKT: Salssjef Bjørn Gjerde i Ulmatec Handling Systems med illustrasjon av systema som skal om bord i Island Offshore sine nye skip. Illustrasjon: Ulmatec Handling Systems
Nytt

Offshoreboom for Ulmatec

– Enorm aktivitet for tida, seier salssjefen etter rekordomsetning og ny storkontrakt.

Marius Rosbach
23.01.2025

Ulmatec Handling Systems har starta 2025 med å sikre seg ein ny stor avtale med reiarlaget Island Offshore. 

Kontrakten gjeld levering av såkalla LARS-system (launch and recovery systems) og hangarportar om bord på to skip. Dei har også opsjon på levering til eit tredje fartøy. 

Island Offshore-reiarlaget skal bygge minst to spesialskip hos Vard som skal leverast i 2027. Det dreiar seg om 120 meter lange konstruksjonsskip, som kan operere både i subsea-marknaden og havvindindustrien.

Verdien på leveransen for Ulmatec-selskapet blir ikkje opplyst, men salssjef Bjørn Gjerde fortel at det er eit omfangsrikt oppdrag.

– Det er ei betydeleg ordre for oss, seier han til Nett No.

Island Offshore vard 11
SERIE SKIP: Island Offshore har bestilt to slike konstruksjonsskip for bygging hos Vard, og har opsjon på ytterligere ett skip. Illustrasjon: Vard

– Ein enorm aktivitet for tida
Ulmatec Handling Systems er ein del av Ulstein Marine Technology (Ulmatec) med hovudkontor på Hareid. Både selskapet og konsernet har lagt bak seg fleire år med solid vekst. 

Pilane peika vidare opp i 2024. 

Rekneskapen er ikkje klar enno, men Gjerde kan fortelje at det blei ny rekordomsetning for Ulmatec Handling Systems, etter den førre toppnoteringa frå 2023 på 240 millionar. 

– Både ordreinngangen og omsetninga var rekordhøg i fjor. Vi har ekstremt høge volum i offshore- og subseasegmentet, der det er ein enorm aktivitet for tida, seier han. 

Veksten ser ut til å halde fram 
Salssjefen fortel at det førebels ikkje er noko som tyder på at veksten i offshore- og subseamarknaden skal flate ut. 

– Den ser ut til å helde fram og auke meir. Det har også vore eit etterslep i marknaden som har bidrege til oppsvinget. Per no verkar det som at etterspurnaden vil halde fram å vere stor, seier han. 

Etter fleire år med få nybygg ved norske verft, er det kome inn ei rekke bestillingar på nye skip i løpet av det siste året. 

– Det har vore mykje leveransar til eksisterande tonnasje, altså båtar som allereie er bygd og som treng oppgradering. No merkar vi at det er fleire oppdrag nybygg, legg han til.

Veks med fleire produkt
Leveringar av LARS-system - som blir nytta til å sette ut fjernstyrte farkostar frå subseaskip – var mellom områda som gav mykje å gjere for Ulmatec Handling Systems i løpet av fjoråret. 

Mellom anna sikra selskapet seg ei storkontrakt på ein serie skip til Solstad-reiarlaget.

Dei har også satsa på eigenutvikla gangveg på skip – sokalla «walk to work»-løysingar - som har slått an i marknaden.

Ulmatec gangveg skip illustrasjon Ulmatec 11
TRYGGARE OG MEIR EFFEKTIVT: Gangvegen frå Ulmatec har 12 meter teleskopisk kompensering for trygt å frakte arbeidarar og utstyr til havvindturbinane. Illustrasjon: Ulmatec

Fleire USA-leveransar
Det første gangveg-systemet har no vore i operasjon i sju månader, og kan ifølgje selskapet vise til veldig gode resultat i arbeid om bord på eit vindskip i USA. Skipet heiter Eco Edison og er nominert til årets «Energy Vessel 2025», under ei kåring i London i februar.

Gangveg nummer to skal i desse dagar bli installert på nok eit nybygg i USA, som skal operere på ein vindpark som Equinor skal drifte. Ulmatec-selskapet er også i gong med leveranse nummer tre til ein kunde i Midtausten. 

Publisert: 23.01.2025 12:44

Sist oppdatert: 23.01.2025 17:20

Mer om