Jan olav tryggestad skjermdump regjeringen no
KRITISK: Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) meiner fleire av regjeringa sine skatteforslag må endrast. Foto: Regjeringen.no
Nytt

Ap- og Sp-ordførarar slår skattealarm

Ber regjeringa skrote fleire av dei planlagte skatteaukene. Mellom anna av formuesskatten.

28.10.2022

Det er klart etter eit nettmøte om statsbudsjettet torsdag kveld. Alle ordførarane frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet i Møre og Romsdal var invitert, saman med partiet sin gruppeleiar i fylkestinget, Kristin Sørheim.

Dei fekk mellom anna høyre investor Knut Flakk fortelje korleis skatteauken som er foreslått, vil slå ut for den familieigde Flakk Gruppen og investeringsplanane dei har.

Flakk har lagt to hotellplanane for Basecamp-hotellet på Hellesylt og eit luksushotell ved Ljøen på is, grunna skatteauken som er foreslått i statsbudsjettet for 2023.

Etter skreiv Ap-og Sp-ordførarane eit framlegg til uttale om statsbudsjettet, som vart lagt fram for Sunnmøre Regionråd i dag - og samrøystes vedteke, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp).

I uttalen skriv regionrådet at den samla skatteauken "fører til at planlagde og svært viktige investeringar og utbyggingar blir lagt på is, eventuelt heilt skrinlagt." og at den samla skatterekninga for bedriftene i mange høve større blir større enn overskotet.

Regionrådet krev at "Regjering og Storting set ned eit utval som legg fram eit forslag til endring av dagens formuesskatt. Forslaget må hindre at norskeigde bedrifter blir tappa for kapital og får urimelege konkurransevilkår i forhold til utanlandske eigarar og statlege selskap."

Dette er fråsegn til statsbudsjettet frå Sunnmøre regionråd:

Skattepolitikken må stimulere til arbeid og innsats og bidra til utvikling i alle delar av landet, også i urolege og uoversiktlege tider.

Skattesystemet må difor utformast slik at det fremjar verdiskaping og investeringar i norsk næringsliv, og det må bidra sterkt til sosial og geografisk utjamning.

Vi ser at Regjeringas forslag til skatteendringar fører til at planlagde og svært viktige investeringar og utbyggingar blir lagt på is, eventuelt heilt skrinlagt.

Dette skuldast både den samla skatteauken, auka skatt på arbeidande kapital, auken i arbeidsgjevaravgift og den generelle prisstigninga. Skatterekninga blir i mange høve større enn overskottet i bedrifta/konsernet!

Auka skatt på norskeigde, private selskap, høge energiprisar og aukande rente ser dermed ut til å truge mange arbeidsplassar i fylket.

Vi meiner innstrammingane er for store, at det rammar næringslivet for hardt og at det kan føre til konkursar og arbeidsløyse neste år.

Vi forventar difor at:

- Bedriftsskatten blir halden på eit nivå som gjer at norskeigde bedrifter opprettheld konkurransekrafta og verksemda si i Noreg

- At mest mogleg av overskotet vert halde i bedriftene

- Forslaget om mellombels auka arbeidsgjevaravgift på lønsinntekter over 750 000 kr blir skrota

Vi krev at Regjering og Storting set ned eit utval som legg fram eit forslag til endring av dagens formuesskatt. Forslaget må hindre at norskeigde bedrifter blir tappa for kapital og får urimelege konkurransevilkår i forhold til utanlandske eigarar og statlege selskap. Forslaget må vidare sikre skattlegging av privat luksus og redusere/fjerne nullskatteytarar og sørge for å kanalisere kapitalen inn mot investeringar i bedrifter og arbeidsplassar.

Publisert: 28.10.2022 15:27

Sist oppdatert: 19.02.2023 21:34

Mer om