Stortinget montasje geir pollestad foto Lars Røed Hansen CC BY SA 2 5 11 marius 11
MOT FLYTTING: Geir Pollestad (Sp) er saksordførar i næringskomiteen på Stortinget i spørsmålet om GIEK-flytting. Foto: Lars Røed Hansen-Wiki Commons (CC BY-SA 2.5)/Marius Rosbach
Nytt

Ap og Sp vil ikkje flytte GIEK

Kampen om dei statlege arbeidsplassane er truleg ei tapt sak for Ålesund.

Marius Rosbach
05.03.2021


Framstegspartiet sitt forslag om å flytte eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge til Ålesund og Bergen, ligg ikkje an til å få fleirtal når det kjem til behandling i Stortinget.

Det er klart etter at både Senterpartiet og Arbeidarpartiet går i mot forslaget, ifølgje Avisa Oslo.

– Arbeiderpartiets stortingsgruppe har vedtatt at det ikkje skal flyttast, og vi synes det er greitt at veljarane i Oslo er kjent med at Frp ønsker å flytte disse arbeidsplassane ut av Oslo, seier leiar Frode Jacobsen i Oslo Ap til avisa.

Sp vil følgje Ap
Også Senterpartiet vil gå i mot ei flytting – og det skal ifølgje avisa ha skjedd etter press frå nyslått Senterpartipolitikar Jan Bøhler frå Groruddalen.

Geir Pollestad (Sp) som er saksordførar i næringskomiteen på Stortinget fortel at partiet vil følgje linja til Ap i saka. Det er venta at saka kjem til votering i Stortinget før påske.

Ålesund og Bergen har alliert seg i saka og jobbar for at hovudkontoret skal flyttast til Ålesund, med eit avdelingskontor i Bergen – slik Frp har føreslått.

Kritiske høyringssvar
Innvendingane frå sentralt hald har vore sterke i høyringsinnspela. Både NHO og Fellesforbundet er mellom dei som er kritiske til å flytte dei nær 150 arbeidsplassane ut av Oslo-området.

Eit interimstyre jobbar med å slå saman dei to einingane under namnet Eksportfinansiering, forkorta Eksfin. Dei har frist til 1. juli med å få på plass ei ny operativ eining.

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Publisert: 05.03.2021 19:07

Sist oppdatert: 05.03.2021 19:15

Mer om