Skansekaia innfelt lene trude solheim foto marius 11
ÅLESUND: Lene Trude Solheim (innfelt) er talsperson for Ålesund-Bergen-alliansen her i regionen i kampen om å få GIEK/Eksportkreditt til Ålesund og Bergen. Eksportkreditt har allereie eit einmannskontor på Skansekaia. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Ein person har fått til enormt mykje

Einmannskontoret til Norsk Eksportkreditt i Ålesund er einaste avdelinga i GIEK/Eksportkreditt utanfor Oslo. Og erfaringane har vore svært gode, påpeiker Ålesund-Bergen-alliansen.

Marius Rosbach
16.02.2021

Før helga ble høyringssvara i lokaliseringsdebatten kring nye GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge gjort offentlege.

Dei viser betydeleg motstand frå sentralen høyringsinstansar om å flytte den samanslåtte eininga. Mellom anna NHO, Fellesforbundet og Finans Norge åtvarar mot konsekvensane.

Det er Frp som har levert eit forslag til Stortinget om at hovudkontoret for GIEK/Eksportkreditt blir flytta til Ålesund, og at det blir oppretta eit lokalkontor i Bergen.

Usamde om kva som gir betre tenester
Debatten har vekse til å bli ein kamp mellom Vestlandet og Oslo-området om nær 150 statlege arbeidsplassar. Men også om korleis det statlege verkemiddelapparatet best kan utnyttast til å auke norske eksport.

– Det som driv oss er eit ønske om at AS Norge skal auke sin eksport og verdiskaping. Og vi meiner det er gode argument for at potensialet er vesentleg større med eit desentralisert GIEK, seier Lene Trude Solheim til NETT NO.

Ho er leiar av Næringsforeningen Ålesundregionen er talsperson på Nordvestlandet for Ålesund-Bergen-alliansen. Dei to vestlandsbyane har gått saman om eit høyringssvar i saka.

Solheim viser til den svake utviklinga Norge har hatt på eksportmarknadene dei siste tiåra. Medan NHO i sitt høyringsinnspel skriv at det er «tvilsamt» om ei ny lokalisering vil gi ønska synergieffektar og forsterking av tilbodet – er ho overtydd om at nærleik til kysten vil gi betre tenester.

(saka held fram under)

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Har einmannskontor i Ålesund
Lene Trude Solheim trekk fram den einaste erfaringa dei to einingane i dag har med ein form for lokalkontor.

GIEK/Eksportkreditt er i hovudsak samla på kvar sine kontor i Oslo. Unntaket er einmannskontoret til Eksportkreditt i Ålesund som blei opna i 2005. I ei årrekke har det vore bemanna av Stig Gjethammer.

– Han har vore ein viktig katalysator og stabil ressurs. Han har vore tett på næringane og ein viktig og god brubyggar mellom brukarar og virkemiddelapparatet. Den jobben han har gjort viser at berre ein person har fått til enormt mykje, fortel Solheim.

Usamde om rekruttering
Fellesforbundet skriv i sitt høyringssvar at dei trur det vil bli vanskeleg å rekruttere tilsette utanfor finansmiljøet i Oslo, eit argument som også har vore peika på i ein rapport frå Deloitte før samanslåinga starta.

Tilhengarane av ei flytting ser annleis på det – og NETT NO har mellom anna intervjua Espen Sundgot i rekrutteringsselskapet Yapri, som meiner det er fullt mogleg å rekruttere til eit Giek/Eksportkreditt-kontor i Ålesund.

Sundgot påpeika samtidig at i slik løysing krev nytenking i korleis etatane er organisert, og såg ei fleksibel arbeidsform saman med innføring av ny teknologi, som eit alternativ.

Barcode foto Benson Kua Wikimedia Commons Creative Commons 2
MOTSTAND: I fleire av høyringssvara blir det åtvara mot å flytte GIEK/Eksportkreditt vekk frå finansmiljøet i Oslo. Foto: Benson Kua / Wikimedia Commons (Creative Commons 2.0)

– Dei kjenner og forstår næringane her
Ålesund-Bergen-alliansen peiker i sitt høyringssvar til Stortings-saka på at det har vore gode erfaringar med å flytte statlege etatar som Sjøfartsdirektoratet, Konkurransetilsynet og Kystverket tidlegare.

Lene Trude Solheim viser også til at Innovasjon Norge sitt kontor i Ålesund fungerer svært godt.

– Dei viktigaste fortrinna til dei som er stasjonert på kysten, er at dei kjenner og forstår næringane her, legg ho til.

NETT NO har tidlegare omtala ein auka frustrasjon hos næringslivet på Nordvestlandet i møte med verkemiddelapparatet, og i første rekke GIEK.

– Fleire bedrifter fortel til oss at det kan ta lang tid med søknadar og at sakshandsamarar ikkje har kompetanse og innsikt til at ein får nytta ressursane deira slik ein ønsker, utdjupar Solheim.

Stig Remøy som sette i gong diskusjonen via en kronikk i Sunnmørsposten, har også uttalt seg i negative ordelag om si erfaring med GIEK.

Les alle høringssvarene her (ekstern lenke)

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Publisert: 16.02.2021 12:08

Sist oppdatert: 18.02.2021 13:13

Mer om