Stig ulstein svein rune gjerde innfelt kjølmoen foto marius 11
FORMUESKATT: Stig Ulstein og Svein-Rune Gjerde leiar og har eigardelar i Ulmatec og Marin Teknikk. Dei fortel at formueskatten gir utfordringar og utfordra Per Vidar Kjølmoen (innfelt) om korleis det vil bli med Ap sitt forslag til auke. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Utfordra Ap-topp om formueskatt

Marin Teknikk-eigaren må tappe bedrifta for at familien skal ha noko å leve av. Med Ap sitt forslag, blir utgiftene til formueskatten dobla.

Marius Rosbach
30.08.2021

Sist veke var partitoppane i Møre og Romsdal med på ei rad bedriftsbesøk med start i Molde, via søre Sunnmøre og Ålesund før turen kjem til Kristiansund til fredag.

Då har dei fått høyre om utfordringar med alt frå verftsfinansiering, tempoet i krisehandteringa frå sentrale styresmakter og offentlege anbod.

Les meir om bedriftsbesøka:

– Diskriminerer norske eigarar
Ved Myklebust-verftet i Sande stod mellom anna formueskatt på agendaen. Politikarane fekk høyre utfordringane den skapar for Marin Teknikk-eigar Svein-Rune Gjerde og Ulmatec-eigar Stig Ulstein.

Det blir sagt at det skal løne seg å vere norsk, eigar, men eg lurar på kva tid det skal skje
Svein-Rune Gjerde

– Ap har skuffa meg ekstremt ved at dei snakkar om likskap, og samtidig diskriminerer norske eigarar, innleia Stig Ulstein og viste til at utanlandske eigarar slepp denne personlege skatten.

– Det blir sagt at det skal løne seg å vere norsk, eigar, men eg lurar på kva tid det skal skje, følgde Gjerde opp.

Marin Teknikk-sjefen viste til at om han hadde ei årslønn på ein million, så gjekk heile, og meir til, til å betale formueskatt og anna skatt. For å dekke dette må han ta utbytte frå bedrifta – som også blir skattlagt.

– Og om familien skal ha noko å leve av, må eg ta meir utbytte, la han til.

Må ta utbytte også i underskotsår
Etter rekordomsetning og god inntening på starten av 2010-talet, har det familieeigde skipsdesignselskapet hatt nokre tøffe år bak seg. Samla driftsresultat sidan 2016 er på minus 2,4 millionar. Likevel har eigarane vore nøyd til å ta ut millionutbyte.

At bedriftseigarane må betale formueskatt uansett om firmaet går med overskot, eller ikkje, er eit av hovudankepunkta til NHO mot denne forma for personleg skattlegging.

Gjerde - som hadde fått godkjent reknestykket av revisoren sin - fortalde at formueskatten ville koste bedrifta 16 millionar dei neste fem år, med tilsvarande tal som no. Med Arbeiderpartiet sitt forslag vil rekninga meir enn doble seg. Gjerde viste til berekningar frå NTNU og NHH, som konkluderer med ei auke på 105 prosent.

– Om selskapet er i stand til det, er eg usikker på, konkluderte bedriftseigaren.

(saka held fram under)

Per vidar kjølmoen foto marius 11 jpg
FORSVARAR AUKE: Per Vidar Kjølmoen (Ap) ser utfordringane med skattlegging av arbeidande kapital, og «trur Arbeiderpartiet er ope for å kikke på dette». Foto: Marius Rosbachpartiet er «

Vil ikkje øydelegge for verdiskapinga
Ap-topp Per Vidar Kjølmoen i Møre og Romsdal ser at bedriftseigarar som Svein Rune Gjerde blir sett i ein urimeleg situasjon.

– Vi ønskjer ikkje å skattlegge så hardt at det øydelegg moglegheita for verdiskaping, seier han – og legg til at han «trur Arbeiderpartiet er ope for å kikke på dette med arbeidande kapital».

– Problemet er korleis vi skal få det til. Der har vi så langt ikkje klart å finne gode praktiske løysingar, legg han til.

Tilbakemeldinga frå våre folk på finans, er at det er vanskeleg å finne eit fornuftig skilje
Per Vidar Kjølmoen

– Vanskeleg å finne eit fornuftig skilje
Kjølmoen fortel at han teke opp spørsmålet internt i partiet om moglegheitene for å kunne halde ute arbeidande kapital i berekninga av formueskatten. Poenget er å skattlegge yachtar og sjampanje, men ikkje anleggsmaskinar og industrihallar.

– Tilbakemeldinga frå våre folk på finans, er at det er vanskeleg å finne eit fornuftig skilje på arbeidande kapital og vanleg kapital. Nesten uansett kva regelverk ein innfører, så vil det vere lett å tilpasse seg for å unngå skatt, eller du endar med byråkratiske løysingar som kanskje ikkje løyser problemet, fortel han.

Ap-politikaren påpeiker at heller ikkje Høgre har kome med ei løysing på floka.

– Partiet har flagga at dei vil unndra arbeidande kapital, men i løpet av åtte år har dei ikkje klart å finne ut kvar skilje skal gå, påpeiker han.

(saka held fram under)

Stig ulstein inge jonny hide espen remme foto marius 11
FEKK STØTTE: Ulmatec-sjef Stig Ulstein fekk støtte for sitt syn på formueskatten frå NHO-direktør Espen Remme (t.h.) i Møre og Romsdal og verftssjef Inge-Jonny Hide på Myklebust. Foto: Marius Rosbach

Då NETT NO ber Kjølmoen utdjupe korleis han forsvarar å auke formueskatten, trekk han opp dei store linjene.

– Til og med i Norge er det no slik at i prosent vil den rikaste ein-prosenten betale mindre i prosent i skatt, enn ein journalist, sjukepleiar eller lærar. Då utfordrar vi balansen og rettferdigheita i systema, seier han.

Les Vetle Wang Soleim sitt svar til Ap-toppen:

Nær alle våre eigarar er vanlege folk busett her på Sunnmøre, som jobbar og er engasjert i selskapet
Svein-Rune Gjerde

– Våre eigarar er vanlege folk
Bedriftseigarane Ap-politikaren møtte på Myklebust, la ikkje skjul på at dei mislikte at at politikarar på venstresida ofte dreg fram dei aller rikaste når dei skal argumentere for formueskatten – og uttalar ting som at dei «skal ta dei rike».

– Nokre gonger kjenst det som at dokke ser på oss som halvkriminelle. Nær alle våre eigarar er vanlege folk busett her på Sunnmøre, som jobbar og er engasjert i selskapet, påpeika Svein-Rune Gjerde.

Publisert: 30.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 03.09.2021 11:19

Mer om