Stein Kvalsund Ocean Hyway cluster foto marius 11
AUKAR SATSINGA: Seks millionar kroner årelg i fem år framover betyr at Ocean Hyway Cluster i Florø kan auke innsatsen for å ta i bruk hydrogen og ammoniakk til sjøs, fortel dagleg leiar Stein Kvalsund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Arena-status til hydrogenklynge

Ocean Hyway Cluster i Florø får nesten dobla inntektene sine.

19.11.2021

Ocean Hyway Cluster arbeider for å utvikle teknologi og bruk av hydrogen og ammoniakk i skip og båtar, og infrastruktur for produksjon, distribusjon og fylling langs kysten.

Arena Pro-status betyr seks millionar kroner i årleg tilskot gjennom klyngeprogrammet til Innovasjon Noreg i fem år framover. Det er nesten ei dobling av inntektene til klynga, samanlikna med i dag.

- Det skal vi bruke for å realisere prosjekt vi har jobba med, seier dagleg leiar Stein Kvalsund i Ocean Hyway Cluster til NETT NO om kva det årlege tilskotet skal brukast til.

Hurtigbåtsatsing

Ocean Hyway Cluster har arbeidd spesielt med utvikling av ein hurtigbåt som kan ha hydrogen som energiberarar, mellom anna saman med hurtigbåtverftet Brødrene Aa.

Målet i første omgang er få etablert eit pilitprosjekt, der ein hurtigbåt driven med hydrogen kan trafikkere sambandet Florø-Måløy-Selje, ifølgje Kvalsund.

Blant medlemane i klynga er Norwegian Hydrogen i Ålesund, SFE Produksjon på Sandane, Hexagon Purus i Ålesund, Nyborg i Sykkylven, Aas Mek. Verksted i Vestnes, Brødrene Aa i Hyen, Hav Group i Herøy, Skipskompetanse i Måløy, Fjord1 og klyngeorganisasjonen Blue Maritime Cluster i Ålesund.

Publisert: 19.11.2021 15:22

Sist oppdatert: 22.11.2021 08:14

Mer om