Arild Aarvik kjoeper heile Carisma Fish
NY EIGAR: Carisma Fish har ikkje lagt bort byggeplanane, men inntil vidare er det 2016-bygde "Vestliner" som er fartyet Vågsøyreiarlaget skal drive fiske med. 
Nytt

Arild Aarvik kjøper heile Carisma Fish

Arild Aarvik kjøpte i fjor ut resten av eigarane i Carisma Fish. No har han tatt over linebåten "Vestliner" frå samarbeidspartnaren Ervik Havfiske.

24.01.2018
Vågsøy-reiarlaget har vore utan båt sidan salet av "Carisma Viking" våren 2016.
Då varsla reiarlaget at det arbeidde med planar om eit nybygg som kunne fiske alle kvotane reiarlaget sit med.

Kjøpte ut medeigarane

Nybygginga let imidlertid vente på seg, og grunnen var at han brukte 2017 til å finansiere og kjøpe ut resten av eigarane i reiarlaget, seier Aarvik.
Arild Aarvik eigde tidlegare direkte og indirekte 44 prosent i Carisma Fish. Resten av aksjane var eigd av andre medlemmer av Aarvik-familien og brørne Cato Bellen (11,7 prosent) og Ole Jonny Bellen (17,96 prosent).
Aarvik ønskjer ikkje å opplyse kva han betalte for aksjane.

Kjøpte brukt

Etter at aksjekjøpet var på plass har Carisma Fish kjøpt linebåten "Vestliner" frå Ervik Havfiske.
Båten er allereie i fiske for Carisma Fish, som har knappe fem torskekvotar, fem hysekvotar og knappe 1,5 seikvote. "Vestliner" skal ta alle kvotane til reiarlaget.
I tida reiarlaget har vore utan båt er det Ervik Havfiske som har fiska kvotane for Carisma Fish.

100 millionar spart

Aarvik opplyser ikkje kjøpesummen, men seier kjøpet av "Vestliner" sparer reiarlaget for cirka 100 millionar kroner samanlikna med å bygge nytt.
"Vestliner" blei kjøpt halvferdig av Ervik Havfiske frå eit russisk verft i 2016. Ervik Havfiske overtok båten etter at det russiske reiarlaget som opphavleg skulle ha den ikkje fekk på plass dei planlagde kvotane.

Felles salsselskap

I tillegg til samarbeid om å drive fisket og "Vestliner"-handelen, har Carisma Fish og Ervik Havfisk slått saman salsselskapa sine frå og med årsskiftet.

Selde kvotar

Ervikgruppa selde i fjor kvotar for 100 millionar kroner, mellom anna for å finansiere nybygg.

For å få godkjent salet av kvotane måtte Ervikgruppa også selje ein båt. Då NETT NO skreiv om kvotesalet i fjor sommar var det førebels ikkje klart kva båt som skulle seljast.

Publisert: 24.01.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17