FV: Arild Hatløy, Hans Olav Myklebust, Odd Martin Velsvik. Foto: Linn Solheim
FV: Arild Hatløy, Hans Olav Myklebust, Odd Martin Velsvik. Foto: Linn Solheim
Nytt

Arne Lothe blir dagleg leiar i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre

- Det er ikkje småpengar vi skal dele ut, seier styreleiar Arild Hatløy.

Linn Antonie Vårdal Solheim
28.06.2023

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har alltid vore ein gåvmild givar til lag og organisasjonar i lokalsamfunnet, og har historisk gjeve omlag 15 millionar kroner i året.

No auker dei innsatsen - og tek sikte på å meir enn doble utdelinga av gåvemidlar til lokalsamfunnet. Konkrete tal på kor mykje dei kjem til å dele ut tør dei ikkje å forskottere, men det er snakk om fleire titals millionar kroner.

- Det er ikkje småpengar vi skal dele ut, såpass kan eg seie, fortel styreleiar i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, Arild Hatløy.

Hatløy fortel at dei har opplevd stor interesse for tildeling av midlar allereie, men at det er viktig å få på plass ein god struktur og retningslinjer for utdeling. Det vil altså ikkje bli aktuelt med noko utdeling av gåvemidlar før første kvartal i 2024.

Arne Lothe ny dagleg leiar
Det er framleis ein del arbeid som står att med å få stiftinga opp å gå for fullt, og Arne Lothe tek til i stillinga som dagleg leiar før 1. september i år.

Lothe har erfaring både frå bankdrift og frivillige engasjement i lokalsamfunnet, og styret var ikkje i tvil om at han er riktig kandidat for jobben.

Formue AS, tidlegare Formuesforvaltning, blir engasjerte som rådgjevar for forvaltinga av verdiane i stiftinga.

Langsiktig fokus
Stiftinga har eit langsiktig fokus, og er føremålet med organisasjonen er å investere midlane på ein måte som sikrar at Sparebank 1 SMN er godt lokalt forankra i regionen. På same tid er det viktig å sikre avkastning, og det er mange omsyn å ta.

Arild Hatløy fortel at dei skal vere ein stabil og langsiktig eigar i Sparebank 1 SMN, men at det vil bli naturleg å diversifisere porteføljen noko med tida.

Stiftinga er klart største eigar i Sparebank 1 SMN, og ønsker å vere ein tydeleg eigar. Det er per no ikkje sett nokre avgrensingar på øvre eller nedre eigarandel i SMN, og det kan vere aktuelt å auke eigarandelen med tida.

Fusjonen med SMN
Stiftinga vart oppretta i april, og er oppretta som eit ledd i fusjonsprosessen mellom Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Sparebank 1 SMN.

I mai i år vart Sparebank 1 Søre Sunnmøre formelt innlemma i same organisasjon som SMN, og verdien av Sparebank 1 Søre Sunnmøre vart sett til 6,6% av Sparebank 1 SMN.

Eigarinteressene til tidlegare Sparebank 1 Søre Sunnmøre er organisert gjennom Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, og stiftinga eig nesten 13 millionar eigenkapitalbevis.

I tillegg til eigenkapitalbevisa fekk stiftinga under fusjonen med seg kontantbehaldningar frå tidlegare Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Per 17.04 forvaltar stiftinga verdiar for meir enn 1,7 mrd. NOK, og det er avkastninga på desse verdiane som delast ut som gåvemidlar.

Publisert: 28.06.2023 17:00

Sist oppdatert: 29.06.2023 10:09