Birkeland-familien i Austevoll og selskapet Wilstar Innovate går inn som nye aksjonærar i Ava Ocean, ifølgje ei pressemelding frå selskapet. Wilstar Innovate er eigd av Awilhelmsen-grupppen.
Dei nye eigarane går inn med 75 millionar kroner og får ni prosent eigarandel kvar. Kapitalutvidinga på i alt 150 millionar kroner, er ein del av ei kapitalutviding som byrja tidlegare i år.
Då gjekk eksisterande eigarar, med Norselab, Hofseth International og Cinus i spissen, inn med friske pengar.
Start i april
Ava Ocean har løyve til å fiske haneskjel i Barentahavet med ein metode som plukkar skjela på havbotnen og syg dei opp i båten. Det er ein metode som er meir skånsam mot både bestanden og livet på havbotnen er tradisjonell tråling som vart nytta tidlegare.
Selskapet starta først fisket med eit ombygd plattformforsyningsselskap som seinare er bytta bort mot eit tidlegare fiskefartøy.
Det er under ombygging ved Fiskerstrand Verft, med mål om å kome i fiske i april fortel konsernsjef direktør Øystein Tvedt i Ava Ocean-konsernet.
Utvida frist
Ava Ocean hadde opphavleg løyve til å drive prøvefiske etter haneskjel ut 2027.
På grunn av bytte av fartøy og ombygging, vart det lite fiske i 2024 - og ikkje noko i år. Selskapet har søkt om å få utvida løyvet på grunn av tida som har gått, og fått forlenga løyvet til ut 2028, ifølgje Fiskeridirektoratet.
Ava Ocean hadde 79 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 55 millionar kroner i 2024.
Publisert: 29.12.2025 11:30
Sist oppdatert: 29.12.2025 13:04






