Alvestadbukta Haram foto Vidar Risnes
FISKEPLASS: Småbåtar på fiske i området der to selskap vil etablere fiskeoppdrett. Foto: Vidar Risnes.
Nytt

Avgjerd om omstridd oppdrettsanlegg før jul

To selskap konkurrerer om plass til torskeoppdrett på Hildrestranda. Der fiska Jonas Kirkeland for to millionar kroner i sommar.

16.11.2022

Gadus Group og Codlife vil begge plassere anlegg for oppdrett av torsk i Alvestadbukta på Hildrestranda i Haram.

Om og kven av dei som eventuelt får løyve til å drive torskeoppdrett i området er det marin- og miljøseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune som bestemmer.

Ei avgjerd kjem innan ein månad, fortel rådgivar Rebekka Varne i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Folkemøte
Motstandarane av å plassere oppdrettsanlegg i bukta meiner det både vil øydelegge fiskeplassar, forureine sjøbotn og forringe bumiljøet med støy- og lys.

Torsdag kveld inviterer motstandarane til folkemøte i Brattvåg, spesielt retta mot medlemane i småbåtforeiningane i Brattvåg og Hildre, og dei som bur ved der anlegget er påtenkt.

På møtet skal det mellom anna visast droneopptak av sjøbotn, som motstandarane meiner dokumenterer at området har eit yrande marint liv med oppvekstvilkår for fiskeartar og kreps.

Her har det foregått garnfiske for matauk i fleire generasjonar tilbake, skriv Vidar Risnes, medlem av motstandsgruppa, Nei til oppdrettsanlegg mellom Hildre – Brattvåg – Vestrefjorden i ein epost til NETT NO.

Fiska for to millionar
Jonas Kirkeland frå Midsund og mannskapet på to ombord i "Marita Kristin" er nett no i Finnmark på fiske, men har Alvestadbukta og området rundt som sommarfiske-plass.

Dit kjem kolkjeft (lysing) for å gyte.

- I år fiska vi for to millionar kroner, seier Jonas Kirkeland.

Han vil ikkje ha torskeoppdrett i bukta.

- Eg meiner fjorden er stor nok til at du ikkje treng å øydelegge eit gyteområde for kolkjeft, seier han.

I si uttale til planane å etablere torskeoppdrett i området frårår Fiskeridirektoratet etablering. Uttalen kom i mars i år.

Eg meiner fjorden er stor nok til at du ikkje treng å øydelegge eit gyteområde for kolkjeft
Jonas Kirkeland

Klage
Statsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) i Møre og Romsdal har gitt utsleppsløyve for eit oppdrettsanlegg i bukta, men det blir det klaga på seier Vidar Risnes i Nei til oppdrettsanlegg mellom Hildre – Brattvåg – Vestrefjorden.

Motstandardane meiner utsleppsløyvet er gitt på mangelfullt grunnlag.

Også avgjerda som Møre og Romsdal fylkeskommune tek kan klagast på.

Klageinstans er Fiskeridirektoratet.

Direktoratet har allereie ei liknande sak til handsaming frå Møre og Romsdal, seier Rebekka Varne i fylkeskommunen. Det gjeld plassering av eit oppdrettsanlegg i Vanylven, der både Statt Torsk og Gadus Group ville etablere seg.

Om det blir nei til oppdrettsanlegg på Hildrestranda kjem motstandardane til å arbeide for at den komande Haram kommune skal oppheve reguleringa av området som eit mogleg oppdrettsområdet seier Vidar Risnes til NETT NO.

Podium

E18/S3 Permitteringer og tapte kontrakter - kva skjer no?

Publisert: 16.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 16.11.2022 15:35

Mer om