Torsk Cecilia Helmerson Titan Ui O
OMSTRIDD: Oppdrett av torsk skaper debatt langs kysten. Illustrasjonsfoto: Cecilia Helmerson / Titan / UiO
Nytt

Strid om torskeoppdrett

Fleire aktørar planlegg å starte oppdrett av torsk i Noreg. Det skaper strid langs kysten, og Havforskingsinstituttet er bekymra.

NPK
26.01.2022

Første gang ein starta med torskeoppdrett i Noreg var for 10–15 år sidan, og det enda med store tap. Næringa var hardt plaga av sjukdom hos torsken og at fisken rømde frå merdane.

No er næringa igjen i sterk framvekst, langs heile kysten frå Stadt til Tromsø. Fem–seks aktørar er etablerte eller held på å etablere seg langs kysten, melder NRK.

- Noko heilt anna no
Ein av dei er Gadus group, med hovudkontor i Ålesund. Selskapet har eitt anlegg i drift ved Davik i Nordfjord. Det har òg konsesjon til å starte eit nytt anlegg i Volda. No er det Nordmøre og Ålvundfjorden som står for tur.

Samfunns- og myndigheitskontakt Falk Daniel Øveraas seier til NRK at oppdrettstorsk i dag er noko heilt anna enn i sist runde.

– Førre gong var det så å seie villfisk i merdane, derfor var det problem med både sjukdom og rømming. Den torsken vi driv oppdrett med i dag er sjette eller sjuande generasjon med oppdrettstorsk. Ein robust torsk som oppfører seg som ein oppdrettsfisk, seier han.

Meir sjukdomsresistent
Men forskar Terje van der Meeren ved Havforskingsinstituttet seier det i lita grad er dokumentert slike endringar, bortsett frå når det gjeld hurtig vekst hos fisken.

– Utover auka vekst har vi ikkje sett nokon dokumentasjon på framgangen i avl hos den domestiserte torsken, til dømes at han har vorte meir sjukdomsresistent, seier han.

Bekymra for kysttorsken
Havforskingsinstituttet leverte i mai 2021 ein rapport om oppdrett av torsk. Rapporten konkluderer med at ein er spesielt bekymra for bestandane av kysttorsk. Forskarane viser til at bestandane av kysttorsk er svake, og enkelte delar av økotypen kysttorsk er allereie trua både i sør og i nord.

Ei lokal aksjonsgruppa på Nordmøre er bekymra for støy og forureining frå anlegget som blir planlagt i Ålvundfjorden.

– Dette er eit fjordområde med veldig tilsig av ferskvatn. Dette betyr at kvar vinter blir det danna sjøis. Når denne isen byrjar å løyse seg opp er det veldige krefter i sving. Isen øydelegg bryggjer og naust, oppdrettsmerdane kjem til å bli øydelagde og fisken vil rømme, seier aksjonist Jan Ove Løken til NRK.

Publisert: 26.01.2022 17:45

Sist oppdatert: 31.01.2022 17:25

Mer om