Protester mot torskeoppdrett
Gadus og Codlife møter motstand i tidlegare Haram kommune.
Gadus-selskapet Sunnmøre Torsk og Codlife møter motstand frå lokalbefolkninga om planane for eit oppdrettsanlegg for torsk ved Hildrestranda, skriver Sunnmørsposten.
Sunnmøre Torsk har søkt om å etablere ei anlegg i området som ligg nord-nordvest for Brattvåg. I same område har Codlife søkt om løyve, og planen ligg no ute til høyring med frist 31. januar 2022.
Lokalbefolkning uroa
Lokalbefolkninga avisa har snakka med i tidlegare Haram kommune er
mellom anna bekymra for konsekvensane for fritidsfiske, artsmangfoldet
og bruken av området til rekreasjon. Difor er det oppretta eit opprop
mot at det blir sett i gong oppdrett.
Planutvalet i Ålesund skal snart ta stilling til saka. Brattvåg, Hildre og Søvik kommunedelsutval har tidlegare konkludert med at dei ikkje ønsker etablering torskeoppdrett på Myrekaia-Alvestadbukta, ifølgje Nordre.
– Alltid vore prega av gode kompromiss
Falk Daniel Øveraas som er samfunn- og myndigheitskontakt i Gadus
Group seier til avisa at det har vore omfattande undersøkingar av staden
før arealet er lagt ut til oppdrett i arealplanen av kommuneplanen.
– Sunnmøre som region har alltid vore prega av gode kompromiss der
næring, busetting og friluftsliv har sameksistert langs kysten. Det er
sjølvsagt forståeleg at enkelte ikkje ønsker eit oppdrettsanlegg som er
synleg frå huset sitt. Samstundes vil det vere heilt umogleg å bygge opp
ei næring for torskeoppdrett om ingen av anlegga våre bli plassert i
nærleiken av busetnad, seier han til Sunnmørsposten.
E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.
Publisert: 17.01.2022 10:08
Sist oppdatert: 31.01.2022 14:55