Harald Nordal Christer Valderhaug Arctic Bioscience foto Ogne
JAKTAR PARTNARAR: Styreleiar Harald Nordal og dagleg leiar Christer Valderhaug i Arctic Bioscience går vidare med å finne ein partnar for å utvikle middelet mot psoriasis vidare. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Arctic Bioscience-aksjen skaut opp

Investorane likte resultata frå stor internasjonal studie.

Marius Rosbach
02.07.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka 

Investorane likte tydeleg oppdateringa frå Arctic Bioscience om ein stor internasjonal studie. 

Arctic Bioscience-aksjen skaut opp frå start på børsen onsdag. 

Selskapet fortalde tysdag om resultata i ein endeleg rapport frå ein stor internasjonal studie for sitt middel mot psoriasis. 

Sluttkursen tysdag var 3,42 kroner. I løpet av kort tid var kursen onsdag oppe i 4,80 kroner, før den sank tilbake til under 4 kroner aksjen og deretter steig mot slutten av dagen. 

Sluttkursen vart 4,20 kroner - ein oppgang på 22,81 prosent og 3. størst verdiauke på Oslo børs onsdag. 

Framleis er det likevel langt opp til nivået aksjen hadde før dei førebelse resultata frå studien kom i fjor haust. 

Arctic Bioscience i Hovdebygda i Ørsta starta opphaveleg som ein helsekostprodusent basert på silderogn, før selskapet byrja å arbeid med å utvikle eit middelt mot hudsjukdoment psoriasis - også det basert på silderogn.

Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug fortalde under presentasjonen onsdag, at han var trygg på at middelet ville nå marknaden – men ikkje nødvendigvis med legemiddelgodkjenning. 

– For oss dannar dette eit godt grunnlag for å gå inn i hausten og fortsette partnardialogar, slik at vi kan få på plass ein eller fleire – for å utvikle HRO350 visare saman med oss, sa han under presentasjonen.

Til Nett No fortalde han at selskapet har ein plan B for å nå ut i milliardmarknaden som er anslått for middelet.

Den internasjonale studien har vart i eit heilt år og viser ein skilnad for pasientane. 

Forsøkspersonar som fekk middelet hadde betre resultat enn dei som fekk narremiddel. Samtidig er placebo-effekten framleis høg – og selskapet vil difor jobbe for å finne fram til ein anna metode i neste fase. 

Hovudindeksen på Oslo børs enda med ein oppgang på 0,69 prosent til 1619,37 poeng.  

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   4,20 22,81 %
Atlantic Sapphirekr                   8,99 3,74 %
Endúrkr                89,20 0,68 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,35 0,26 %
Hav Groupkr                   7,12 -0,28 %
Havila Kystrutenkr                   1,33 -0,75 %
Havila Shippingkr                   1,37 0,37 %
Hexagon Compositeskr                17,86 0,79 %
Hexagon Puruskr                   2,19 -2,89 %
Hofseth Biocarekr                   1,90 -2,06 %
Tinde Sparebankkr              123,46 -1,23 %
Salmon Evolutionkr                   6,20 0,81 %
Sparebanken Mørekr              106,96 1,40 %
   
   

Publisert: 02.07.2025 10:50

Sist oppdatert: 02.07.2025 16:49

Mer om