Statt Torsk og Vesterålen Havbruk blir eitt. Det fortel Statt Torsk i ei børsmelding i dag.
Statt Torsk - som driv torskeoppdrett på Nordvestlandet - har tidlegare varsla at det var i samtalar med torskeoppdrettselskapet i Nord-Noreg. I dag kom meldinga om at dei to er blitt samde om ei samanslåing. Målet var å finne ei løysing som skulle sikre Statt Torsk eit vidare og betre liv.
I følgje børsmeldinga er Statt Torsk verdsett til 255 millionar kroner og Vesterålen Havbruk til 610 millionar kroner. 
Den verdien tilsvarar ein aksjekurs på 1,20 kroner for Statt Torsk. I og med at det er over det dobbelte av kva Statt Torsk er verdsett til på Oslo Børs i dag, er ikkje verdiverdivurderinga for dei to selskapa ikkje så mykje å legge vekt på, ut over at den fortel noko om kva partane meiner er det rette bytteforholdet dei i mellom.
Vesterålen Havbruk-konsernet driv både torskeoppdrett og fiskeforedløingindustrei. Konsernet hadde 275 millionar kroner i inntekter i fjor og minus 68 millionar kroner i resultat før skatt i 2022. Statt Torsk hadde 79 millionar kroner i driftsinntekter og minus 23 millionar kroner i resultat før skatt i første halvår 2023.
Med samanslåinga blir Statt Torsk stroke frå notering på børsen.
Som ein del av avtalen har Statt Torsk i dag fått eit lån på 40 millionar kroner frå Vesterålen Havbruk.
Artikkelen ber oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen var over i ettermiddag.
| Børsdagen | ||
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag | 
| Atlantic Sapphire | kr 1,65 | 11,32 % | 
| Hexagon Purus | kr 19,32 | 8,78 % | 
| Havila Shipping | kr 9,76 | 5,29 % | 
| Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 2,95 | 1,03 % | 
| Hofseth Biocare | kr 3,01 | 1,01 % | 
| Arctic Bioscience | kr 9,42 | 0,21 % | 
| Nortel | kr 25,20 | 0,00 % | 
| Endúr | kr 43,40 | 0,00 % | 
| Salmon Evolution | kr 6,48 | -0,15 % | 
| Havila Kystruten | kr 1,11 | -0,45 % | 
| Sparebanken Møre | kr 77,60 | -0,50 % | 
| Norva 24 Group* | 21,75 kr | -0,91 % | 
| Golden Energy Offshore Services | kr 1,04 | -0,95 % | 
| Hav Group | kr 9,00 | -1,10 % | 
| Hexagon Composites | kr 36,28 | -2,89 % | 
| Statt Torsk | kr 0,56 | -4,44 % | 
| * Kurs i SEK | 
Publisert: 15.09.2023 15:28
Sist oppdatert: 15.09.2023 16:49






