Bauta Group Hjorungavag Aker Solutions Foto Marius Gjermund Kvernmo Langset foto Ogne
SKAL RAPPORTERE: Industriselskapet har mellom anna skipbyggingsindustrien på Nordvestlandet som store kundar. Selskapet meiner berrkraftsrapportering gir ein gevisnt, sjølv om rapporteringskravet ligg an til å å bli lempa på, seier Gjemund Kvernmo Lagseth (innfelt), som er ansvarleg for forretningutvikling og berekraft i konsernet. Foto: Marius Rosbach/Ogne Øyehaug
Nytt

Droppar ikkje berekraftsrapporten

Bauta Group har lagt mykje arbeid for å innfri lovkrav - som no ligg an til å bli oppheva.

05.03.2025

I førre veke kom EU med eit framlegg om å lempe på rapporteringskrava for berekraft. Det var eit svar på kritikken om at krava var alt for tidkrevande og dyre å innfri. 

Viss framlegget går gjennom vil omlag 80 prosent av bedriftene som skulle levere berekraftsrapport, ikkje lenger vere pliktig til å gjere det.

Industriselskapet Bauta i Vestnes er eitt av selskapa som har lagt mykje arbeid i å utarbeid ein berekraftsrapport for å innfri rapporteringskravet, som Noreg har innført etter modell av EU. Når EU no ligg an til å lempe på kravet, er det sannsynleg at også Noreg vil følgje etter.

Vil rapportere likevel
Gjermund Kvernmo Langset er leiar for forretningsutvikling og berekraft i Bauta Group i Vestnes.

Han erkjenner at også Noreg kan kome til å lempe på rapporteringskrav og at selskapet då ikkje lenger vil ha eit krav om å levere ein slik rapport. Likevel vil selskapet levere rapporten, - og halde fram med å gjere det. 

– Vi har gjort mykje på kartlegging og system. Totalt sett har det vore ein veldig nyttig øvelse for oss, seier Kvernmo Langset.

Poenget hans er at arbeidet med rapporten har gitt Bauta-konsernet innsikt i eiga verksemd, som dei kan bruke til å drive meir lønsamt.

Legg terskelen høgare 
Den viktigaste endringa i det nye EU-framlegget, er at terskelen er heva for kven som må levere dei mest omfattande rapportane.

Til no har det omfatta selskap som har meir enn 250 tilsette, medan grensa blir føreslått heva til selskap med meir enn 1000 tilsette.

Kravet om rapporteringsplikt for mindre og mellomstore selskap blir fjerna i framlegget. Alle selskap som ikkje er rapporteringspliktige kan framleis rapportere etter ein enklare standard enn dei største selskapa.

Even Arvik Langseth Karina Kvien Mauren Oda Ormen Vinjevoll foto Ogne
BEREKRAFTMØTE: Even Arvik Langseth, Karina Kviebakk Mauren og Oda Ørmen Vinjevoll for advokatfirmaet Adviso arrangerte frukostmøte om berekraftrapportering saman med revisjon og rådgivingselskapet BDO i Herøy i dag. Arrangementet samla over 50 deltaktarar sjølv om rapporteringskrava ligg an til å blir kraftig lempa på. Foto: Ogne Øyehaug

Fleire har sett arbeidet på vent 
Øystein Omvik ved BDO sitt kontor for Nordvestlandet arbeider med rådgiving om rapportering om miljø, arbeidstilhøve og forretningsførsel (også kjent under den engelske forkortinga ESG).

Kontoret dekkjer Sunnmøre og Nordfjord, og har identifisert om lag 20 kundar som er omfatta av gjeldande rapporteringskrav. Med det nye forslag blir det langt færre. 

Omvik seier at av dei rundt ti kundane selskapet arbeider med om rapportering i dag, har om lag ein fjerdepart sagt at dei vil sette rapporteringsarbeidet på vent, medan resten vil halde fram.

Han deltok på eit frukostmøte om bererkraftrapportering som BDO arrangerte saman med advokatselskapet Adviso, Metizoft og Fosnavåg Shippingklubb i Horisont-bygget i Herøy onsdag. Møtet samla over 50 deltakarar.

Om ei eventuell endring i EU gjer at dei norske rapporteringskrava blir endra, vil det lette rapporteringskrava store selskap skal stille til sine underleverandørar.

Då blir det ikkje lov å kreve at underleverandørar rapporterer meir enn det som er kravd i den friviljuge rapporteringsstandarden, fortalde advokat Karina Kviebakk Mauren i Adviso.

Publisert: 05.03.2025 12:20

Sist oppdatert: 06.03.2025 07:57

Mer om