Ber inn til dåp og ope skip
Hareid-reiarlag kombinerer verftsopphald og feiring av nybygg.
Reiarlaget Intership på Hareid ber komande laurdag inn til dåp av sin splitter nye brønnbåt Inter Antlantic ved Raffelneset. Dei som møter opp i forkant av dåpen vil få sjansen til å kome om bord for å sjå.
Om bord på brønnbåten kan dei mellom anna få oppleve handteringssystemet som MMC First Process har levert, og det store ferskvatnanlegget som kan behandle fisken for lus og sjukdom.
På kaia blir det bollar og brus til borna og Hjørungavåg Brass spelar til dåpen.
Har allereie vore i arbeid
Den nye brønnbåten har allereie vore i arbeid i Skottland. Når den no skulle til Myklebust Verft for å installere utstyr, passa det bra med å ta dåpen samtidig, fortel viseadministrerande direktør Joar Gjerde til NETT NO.
Han fortel at båten skal tilbake i arbeid i Skottland etter dåpen.
Med Inter Antlantic på plass i flåten har Hareid-reiarlaget ein flåte på åtte fartøy. Gjerde seier det går greitt å bemanne båtane om dagen.
- Vi opplever at vi har ei god og stabil bemanning og er ein attraktiv arbeidsgivar – og får tak i kompetansen vi treng, seier han.
Reiarlaget er no oppe i om lag 140 tilsette.
Ventar tre nybygg til
Framover ventar reiarlaget nok eit nybygg frå det spanske Zamakona-verftet, i tillegg til to nybygg frå Sefine-verftet i Tyrkia. Til saman dreiar det seg om investeringar på kring to milliardar kroner, som selskapet annonserte i fjor.
Med i alt 11 brønnbåtar vil flåten ha ein kapasitet på lag 26,200 kubikkmeter. Båtane deira opererer i Norge, Chile, Skottland, og Canada.
2021-rekneskapen viste høgare omsetning og lågare årsresultat for reiarlaget, samanlikna med året før. Resultata for 2022 er ikkje klare enno.
Publisert: 08.03.2023 15:31
Sist oppdatert: 08.03.2023 23:04