NTB a A7a Z Lh JF8c
LAKSESKATT: Oppdrettsnæringa er stadig misfornøgd med opplegget for såkalla lakseskatt. Måndag var det høyring i Stortinget om saka. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Nytt

Ber Stortinget sende lakseskatten tilbake til regjeringa

Lakseskatten kan setje investeringar og arbeidsplassar i spel, opne for søksmål og skattetilpassing.

17.04.2023

(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal) Oppdrettsnæringa har teke kraftig til motmæle heilt sidan grunnrenteskatten på havbruk vart kunngjord i fjor haust. Sjølv om forslaget vart noko moderert i vår, har motstandarane ikkje gitt opp kampen.

Måndag heldt finanskomiteen på Stortinget open høyring om saka.

– Vi har éin hovudbodskap: Lovforslaget bør sendast tilbake til regjeringa for vidare utgreiing. Og vi ber om å utsetje skatten til 2024, sa viseadministrerande direktør Anniken Hauglie i NHO.

Skatten tredde i kraft frå nyttår, men det var uklart korleis han skulle innrettast. Rett før påske kom regjeringa med eit oppdatert forslag, som no er til behandling i Stortinget.

Vil sjå på fleire variantar
Fleire av finanspolitikarane spurde NHO om kva det er dei eigentleg ønskjer svar på.

– Kva er det de saknar utgreiing på? Viss det er ein færøysk modell, så har det vore greidd ut i fleire omgangar. Kva er svakt ved dei utgreiingane som har vore? spurde Kari Elisabeth Kaski i SV.

Hauglie meinte det kan vere ein god idé å sjå på variantar av den færøyske modellen eller ei anna overskotsbasert ordning.

– Det er viktig å ta eit steg tilbake for å setje seg ned med næringa og finne ei samlande løysing, sa Hauglie. Ho understreka at for næringa er det viktig om Stortinget kan samle seg om eit breitt forlik, slik at ein slepp uvisse framover.

– Manglar forståing for næringa
Sjømat Noreg meinte regjeringa grunnleggjande manglar forståing for korleis verdikjeda og oppdrettsnæringa fungerer. Det handlar ikkje om at næringa ikkje vil betale meir i skatt, men at modellen ikkje vil fungere, meiner interesseorganisasjonen.

– Det handlar om kva slags skattetrykk vi toler. Det er forskjell på å produsere fisk langs ei verdikjede og bruke opp olja frå Nordsjøen. Olje kan ikkje døy av virus, og olja kan ikkje flyttast, sa styremedlem Line Ellingsen.

Målet med forslaget er å skattleggje oppdrettet som går føre seg i merdane, ikkje aktivitetar på land, som tilverking av fisken. Men det har Sjømatbedriftene lite tru på.

– Grunnrenteskatt vil gi enorme moglegheiter for å drive finansakrobatikk og spekulasjonar for å sørgje for at mest mogleg av kostnadene går inn i skattesona og mest mogleg at inntektene går ut. Denne modellen opnar for akkurat det, sa administrerande direktør Robert Eriksson.

Regjeringa har foreslått eit botnfrådrag på 70 millionar kroner for å skjerme dei små og mellomstore selskapa. Men dette vil berre føre til rettslege etterspel etter som selskapa prøver å tilpasse seg, meiner Eriksson.

Kystkommunane: Må lage ei konsekvensutgreiing
Også Nettverk fjord- og kystkommunar, som representerer eit 80-tals kommunar, meiner at det framleis manglar kunnskap om kva skattlegginga vil bety for arbeidsplassar langs kysten.

– Vi har vore og er framleis kritiske til at forslaget ikkje har vore konsekvensutgreidd godt nok. Det er framleis usikkert korleis skatten vil fungere i praksis, sa dagleg leiar Bernt Lind-Aaby.

LO var i hovudsak fornøgd med regjeringsforslaget. Men også dei er bekymra for meldingane om at 35–40 milliardar kroner i investeringar er sett på vent.

– Dette er ei næring som går frå fiskeegg til filet, det lèt seg ikkje lett dele i skatteobjekt. Vi må følgje næringa nøye. Viss det viser seg at investeringar eller arbeidsplassar blir ramma, må justeringar vurderast, sa Terje Olsson i LO.

Publisert: 17.04.2023 23:14

Sist oppdatert: 17.04.2023 23:25

Mer om